Vidareutdanning (bachelornivå)

Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettbasert med avgift

Heiltid, Nettstudium

Studiet er retta mot deg som treng gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Utdanninga høver godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring. Studiet har studieavgift på kr 16 000,- (kr 4 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4165

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap:

  • Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
  • Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
  • Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
  • Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og består av digitale arbeidspakker med leksjonar, videoførelesingar og oppgåver, som studentane får tilgang til i e-læringssystemet Fronter. Gjennom oppgåveinnlevering med individuell rettleiing får studentane skrivetrening og øving i analyse av språk og tekst. Studentane tek eksamen i kvart emne, og begge eksamenane er nettbaserte. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

Aktuelle yrke og vidare studium

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Studiet gir grunnlag for opptak på fordjupingsstudiet i norsk og kan inngå som del av bachelor i Språk og litteratur.

Kontakt

For spørsmål om opptak, registrering og gjennomføring:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

Faglege spørsmål om litteraturemne: fagsporsmaal.litteratur@hivolda.no

Faglege spørsmål om språkemne: fagsporsmaal.spraak@hivolda.no

Praktisk informasjon

Studiestart er 15. august. Kurset har ikkje informasjonsmøte første studiedag, men det er viktig at du registrerer deg og får tilgang til Canvas før studiestart.

Undervisningsstad

Nettstudium. Undervisningsmaterialet blir formidla i nettportalen Canvas.

Annan informasjon

I Canvas får du ved studiestart tilgang til ein semesterplan, som inneheld viktig informasjon om gjennomføringa av studiet. Pensumliste finn du på www.hivolda.no

 

Studieplan

Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium. Heiltid (vår)

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
100
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for eit seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.

Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Normert studietid for heiltidsstudentar er eitt år, for deltidsstudentar to år. Ein bestemmer sjølv om ein vil ta alle fire emna (fullt årsstudium) eller delar av studiet.

Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar: 

Etter fullført studium skal studenten

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid 
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng 
Ferdigheiter: 

Etter fullført studium skal studenten vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar

Generell kompetanse: 

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemestret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Studentane tek eksamen i kvart emne. Arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna skal skrivast på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

Navn: 
Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium, deltid (oppstart vår)
Praksis: 

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Kostnader: 

Studiet er delfinansiert med studieavgift kr 16 000 (4 000 pr. emne) + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Stig Jarle Helset