Norsk 2, Nynorsk i opplæringa 1. - 13 trinn
Vidareutdanning (bachelornivå)
Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa, men er nyttig for alle som vil heve nynorskkompetansen sin. Studiet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.
- Studieplan
Studieinnhald
Studiet gir deg innsikt i språksituasjonen slik han er i dag, og dei historiske føresetnadene for at han er slik. I tillegg skal studiet gi innføring i språkdidaktikk og språklæring.
Det didaktiske perspektivet vil stå sentralt i studiet. I Nynorsk i opplæringa 1 vil ein leggje vekt på nynorsken slik han fungerer i dagens samfunn. I Nynorsk i opplæringa 2 vil ein leggje vekt på bakgrunnen og føresetnadene for den norske språksituasjonen.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagd opp med nettleksjonar, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i tråd med intensjonane i Fagfornyinga.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Nettstudium, ingen oppmøte eller synkron undervisning. Første undervisningsmodul blir publisert i Canvas måndag 15. august
Studieplan
Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen.
Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk, tekst og litteratur spesielt
- språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
- læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekster på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
- nynorsk språkdidaktikk inkludert språkbadsmetodikk
- litteratur og litteraturformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Studenten skal
- kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- kunne arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
- kunne leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- kunne leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Studenten skal kunne
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.
Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattforma Canvas. Kvart 15 studiepoengs-emne er delt i tre delemne med tilhøyrande pensum, digitalt undervisningsmateriell og skriftlege arbeidskrav. Ein sentral del av studiet er skriving på nynorsk, og studentane vil få rettleiing og vurdering frå faglærarar, i tillegg til å få og gje medstudentrespons.
Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis knytt til studiet
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.
- Studieplan
Søknadskode : 4070