Kompetanse for kvalitet

Norsk 2, 8.–13. årssteg

Deltid, Nettstudium

Vidareutdanninga er retta mot lærarar som ønskjer meir kompetanse i bruk av nynorsk i opplæringa. Det er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4161

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir lærarar kompetanse til å drive god opplæring i nynorsk på 8.–13. årssteg.

Studieplan

Nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn, nettstudium, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Nynorsk i opplæringa, Kompetanse for kvalitet 8-13
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Om studiet

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.

Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar

Ved fullført studium skal studenten ha kunnskap om

  • den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk og litteratur spesielt
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
  • rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk
  • litteratur og litteraturformidling
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Generell kompetanse

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke ikt i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av dei to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.

Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.

 

Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk.

Navn: 
Nynorsk i opplæringa, nettstudium, Kompetanse for kvalitet 8-13
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Datamaskin med Internett.

Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Gudrun Kløve Juuhl