Vidareutdanning (bachelornivå)

Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Studiet er reservert for lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, «Kompetanse for kvalitet».

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Norsk 2 for 1.–7. årssteg gir ferdig utdanna lærarar den formelle kompetansen dei treng for å kunne vere ein fagperson i norsk på barnesteget. Studiet gir kunnskap og kompetanse om sentrale faglege emne som lese- og skriveopplæring, og om norskfaget si legitimering som reiskaps- og danningsfag. Vidare skal studiet gi kompetanse på arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, bruk av digitale verktøy i lese- og skriveopplæringa og tilpassa opplæring, mellom anna til elevar med norsk som andrespråk. Det vert lagt vekt på at studentane relaterer kunnskapen til eigne erfaringar frå skulen.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk-pedagogisk utdanning) og fullført Norsk 1 i lærarutdanninga (grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert. Mellom samlingane vert det gitt nettundervising via Adobe Connect. Oppgåveinnleveringar og individuell rettleiing skjer via Fronter. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

Kontaktperson:
Ole Frank Bakken

For faglege spørsmål:
Wenke Mork Rogne

Studieplan

Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
NOR2-17KFK
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk-pedagogisk utdanning) og fullført Norsk 1 i lærarutdanninga (grunnskulelærarutdanning eller allmennlærarutdanning). Studiet er reservert for lærarar i grunnskulen som er tatt opp gjennom Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning, «Kompetanse for kvalitet». 

Om studiet: 

Norsk 2 for 1.–7. årssteg gir ferdig utdanna lærarar den formelle kompetansen dei treng for å kunne vere ein fagperson i norsk på barnesteget. Studiet gir kunnskap og kompetanse om sentrale faglege emne som lese- og skriveopplæring, og om norskfaget si legitimering som reiskaps- og danningsfag. Vidare skal studiet gi kompetanse på arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, bruk av digitale verktøy i lese- og skriveopplæringa og tilpassa opplæring, mellom anna til elevar med norsk som andrespråk. Det vert lagt vekt på at studentane relaterer kunnskapen til eigne erfaringar frå skulen.

 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning)

 

Kunnskapar: 

Studenten skal:

  • ha kunnskap om norskfaget som dannings- og reiskapsfag og til gjeldande læreplan
  • ha kunnskap om språkleg variasjon i skriftlege og munnlege tekstar
  • ha kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • ha kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna
  • ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • ha utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • ha kunnskap om skrivedidaktikk, og korleis dei best kan motivere og rettleie elevar i skriveprosessen
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne

  • kunne tolke og forstå gjeldande læreverk, både i eit reiskaps- og i eit danningsperspektiv
  • kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. steg etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kunne vurdere og reflektere omkring ulike slags prøvar i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kunne nytte eit breitt repertoar av lesestrategiar og skrivestrategiar
  • kunne bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kunne rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kunne lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Generell kompetanse: 
  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha innsikt i norskfaget ut frå forsking og kunne reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskapar for læring
  • vere ein god lese- og skrivelærar
  • kunne formidle litteratur og motivere elevane til lesing og skriving

 

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er samansett av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne NOR2A-17KFK er lagt til haustsemesteret, og emne NOR2B-17KFK er lagt til vårsemesteret.

Emnet er nettbasert med inntil 3 samlingar i Volda kvart semester. Kvar samling går over to dagar. Mellom samlingane vert det gitt nettundervising via Adobe Connect. Oppgåveinnleveringar og individuell rettleiing skjer via Fronter. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Sjå emneplan for utfyllande informasjon om studiet.

Navn: 
Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand, pernille@hivolda.no, 7007 5461