No kan du søke studium for våren 2027
Frå 1. november kan du søke studieplass med oppstart vårsemesteret ved Høgskulen i Volda. Sjå alle tilboda våre og søk no!

Ønsker du litt fagleg påfyll? Vi har over 60 studium med oppstart vårsemesteret, frå januar 2027. Her er tilbod både for deg som vil bli ny student, og deg som vil bygge på eller ta etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å studere både på heiltid, deltid, samlingsbasert og nett.
Høgskulen har tilbod innan desse fagfelta for vårsemesteret 2027: administrasjon, planlegging og leiing, estetiske fag, kunst og musikkfag, helse- og sosialfag, historie og religion, idrett og friluftsliv, matematikk og naturfag, medie- og journalistfag og språk og litteratur.
Løpande opptak
Studia for vårsemesteret har løpande opptak. Det vil seie at opptaket skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, der studietilboda stenger for søking når dei er fullteikna. Du bør difor vere raskt ute, for å vere sikra plass.