Vidareutdanning (bachelornivå)

Naturfag og matematikk i barnehagen

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Praktisk informasjon

Velkomen til vidareutdanninga Naturfag og matematikk i barnehagen!

Første samling blir 13.-14. august ved Høgskulen i Volda. Informasjon om oppmøte blir lagt ut på CANVAS, så sørg for å få tilgang til CANVAS-rommet.

Undervisningsstad

Samlingane ved Høgskulen i Volda blir:

  1. 13. -14. august (man.-tirs.)
  2. 25.-26. oktober (tors.-fre.)
  3. 12.-13. desember (ons.-tors.)
  4. 17.-18. januar (tors.-fre.)
  5. 13.-14. mars (ons.-tors.)
  6. 23.-24. mai (tors.-fre.)

Annan informasjon

For informasjon om organiseringa av kurset, viser vi til emneplanen

På første samling vil det bli delt ut undersvisningsplan for heile året.

Ein god del av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt Høgskulen i Volda og område lenger unna. Studentane må difor ta med kle etter vêr og årstid for å kunne vere ute i all slags ver.

I tillegg vert det nettundervising mellom samlingane. Denne vert lasta opp i CANVAS og kan sjåast når det passar studenten best.

Det er obligatorisk frammøte til undervisinga i dette emnet, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Faglærarar i studiet blir:

  • Ingeborg Katrin Berget - matematikk
  • Øyvind Halse - naturfag
  • Eivind Patrick Hanevik - naturfag
  • Olga Grigorievna Krushinitskaya - naturfag
  • Jan Håkon Vikane - naturfag
  • Kari Brandal - mat og helse
  • Kari Ryslett - mat og helse

Velkomen som student ved Høgskulen i Volda!

Med atterhald om endringar.

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020». Studiet er i samsvar med ny rammeplan for barnehagen (2017) og vil slik kunne hjelpe dei som gjennomfører studiet med å implementere denne på eigen arbeidsplass.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4162

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Gjennom studiet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege- og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn og stimulere barna til undring og utforsking.

Opptakskrav

Fullført førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande treårig pedagogisk utdanning.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester ved Høgskulen i Volda (HVO), i tillegg til nettbasert undervisning (Adobe Connect) inntil tre timar per veke mellom samlingane. Den nettbaserte undervisninga vil vere i form av førelesingar, medan undervisninga på samlingane for det meste vil vere praktisk retta.

Store delar av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt Høgskulen og område lenger unna. Studiet tek òg sikte på å bruke element frå mat og helse og kjøkken som læringsarena for matematikk og naturfag. Mellom samlingane må studenten arbeide sjølvstendig med pensum og pålagde arbeidsoppgåver. Det er obligatorisk frammøte til samlingane og den nettbaserte undervisninga. 

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

Kontakt

Ved spørsmål kontakt Ingeborg Katrin Berget (Ingeborg.katrin.berget@hivolda.no - 700 75 309).

Studieplan

Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen

Studieprogram: 
Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Førskule-/barnehagelærarutdanning eller tilsvarande tre-årig pedagogisk utdanning

Om studiet: 

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn.

Nasjonale føringar: 

 Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020», som er regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten har kunnskap om:

  • naturvitskaplege arbeidsmåtar og om korleis matematiske omgrep, modellar og tenkemåtar kan brukast til å forstå naturen og naturfenomen

  • barns matematiske utvikling, undring og utforsking, problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk, og verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk

  • evolusjon, systematikk, artskunnskap, biologisk mangfald og berekraftig utvikling

  • anatomi og fysiologi, økologi, økosystem, plantar og dyr i nærområdet og endringar i naturen gjennom årstidene

  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking

  • barns merksemd i naturen, barns utvikling, læring og opplevingar knytt til bruk av naturen

  • retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, kostvanar hos barn og utfordringar med kosthaldet i barnehagen

  • korleis nytte matressursar frå naturen og sikre trygg mat i barnehagen

  • universet, sola, jorda og månen

  • teknologi og fysiske fenomen knytt til lys, lyd og luft

  • kviforlandskapet i nærområdet ut som det gjær og korleis geologiske prosesser endrarnaturen over tid. 

Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne:

  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analyserekartlegge og følje opp barns naturfaglege og matematiske utvikling

  • ta omsyn til barns merksemd i naturen, vere ein bevisst rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeidet med naturfag og matematikk i barnehagen

  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø der barna blir inspirerte til å utforske naturen, matematiske problem og samanhengar

  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø til ulike årstider

  • lage gode didaktiske planar i naturfag og matematikk

  • planlegge, gjennomføre og evaluere mat- og måltidsrelaterte aktivitetar med barn basert på lokale naturressursar

Generell kompetanse: 

Studenten skal kunne:

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til naturfag og matematikk med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen

  • dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med naturfag og matematikk og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse faga

  • vere aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til naturfag og matematikk

  • vurdere eit kosthald som er helsefremjande, planlegge og gjennomføre kunnskapsbaserte måltid i barnehagen og setje i gang og leie måltidsdiskursar i barnehagen

Organisering og arbeidsmåtar: 

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester ved Høgskulen i Volda (HVO), i tillegg til nettbasert undervisning (Adobe Connect) inntil tre timar per veke mellom samlingane. Den nettbaserte undervisninga vil vere i form av førelesingar, medan undervisninga på samlingane for det meste vil vere praktisk retta.

Navn: 
Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
Informasjon: 

Naturfag og matematikk i barnehagen (30 stp) er ei profesjonsretta vidareutdanning for pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag for å kunne legge til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020», som er regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen.

Gjennom studiet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege- og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn og stimulere barna til undring og utforsking.

Emne2018 Haust2019 Vår
1515
Emnet på 30 stp går over to semester
Praksis: 

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

Kostnader: 

Materialavgift på 400 kr

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Ingeborg Katrin Berget, T: 70 07 53 09 E: ingeborg.katrin.berget@hivolda.no