Fordjupingsstudium

Musikk, opne fordjupingsemne

Deltid

 Fordjupingsemna bygger på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Du vel sjølv blant frittståande emne og set saman ditt eige fordjupingsstudium.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4261

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

  • Instrumentaldidaktikk, 15 stp. (haust)
  • Ensembleleiing, 15 stp. (haust)
  • Arrangering, 15 stp. (haust)
  • Utøving og formidling, 15 stp. (vår)
  • Musikkteknologi 2, 15 stp. (vår)  
  • Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi (vår)

Merk at emna kan ha ulike forkrav.

Opptakskrav

60 stp musikk frå HVO eller tilsvarande. Emna har ulike forkrav, sjå emneplanen.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd i grunnskulen, skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og det frie kulturlivet. Det gir også grunnlag for vidare studium i musikk, og kan inngå i bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Svein Hunnes

Studieplan

Musikk, opne fordjupingsemne (haust)

Studieprogram: 
Musikk, opne fordjupingsemne
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
12
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført minimum 30 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 
Emna har ulike forkrav – sjå emneplanane.

Om studiet: 

Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld tre frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering (MUS 212) Musikk i kulturskulen (MUS 201) og ensembleleiing (MUS 208).

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. (Opptakskriteria for allmennfagleg PPU ved HVO er å finne på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html#map009). Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.

Læringsutbytte: 

Studenten kan

  • dirigere og leie eit ensemble (MUS 208)
  • utøve musikk på eit musikkinstrument eller song, individuelt og i ensemble (MUS 201)
  • tilretteleggje og gjennomføre musikkundervisning i kulturskulen og frivilleg verksemd (MUS 201)
  • arrangere musikk for ulike musikkinstrument, vokal og til ulike enseble (MUS 212)
Kunnskapar: 

Studenten har

  • kunnskapar om ulike teknikkar innanfor arrangering og ulike termar og omgrep  (MUS 212)
  • kunnskapar om ulike teknikkar, innstuderingsmetodikk og repertoarvalg (MUS 208)
  • kunnskapar om ulike metodar innan instrumental og vokal undervisning, musikk og helse, musikk og identitet (MUS 201)
Ferdigheiter: 

Studenten kan

  • arrangere og instrumentere for ulike typar instrument og enseble (MUS 212)
  • planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og grunngi faglege val (MUS 208)
  • utøving av instrumental og vokal musik, og tilrettelegging og gjennomføring av undervisning (MUS 201)

 

Generell kompetanse: 

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheter på ein sjølvsendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til kritisk refleksjon og kritisk tenkning i utdannings- og yrkessamanheng

Organisering og arbeidsmåtar: 

- Praktiske øvingar i plenum og grupper

- Teoretisk arbeid

- Førelesingar

- individuell undervisning på musikkisntrument/song

 

Navn: 
Opne fordjupingsemne i musikk (haust)
Informasjon: 

I Opne fordjupingsemne (Haust) Kan du velje emna Musikk i kulturskulen (MUS 201), Ensembleleiing (MUS 208) og Arrangering (MUS 212)

- Arrangering (MUS 212) handlar om å arrangere og instrumentere for ulike musikkinstrument og ensemble

- Ensembleleiing (MUS 208) gjev ei praktisk- teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble

- Musikk i kulturskulen (MUS 201) Er retta mot ferdigheitar på hovudinstrument og song, og undervisning og tilrettelegging av verksemd i kulturskule og det frivillege musikkliv.

 

Emne2018 Haust
Valemne
15
 
15
 
15
 
15
Praksis: 

Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.

Anna: 
Ved val av fleire emne kan det oppstå timeplankollisjonar. Ta kontakt med studieprogramansvarleg for å avklare dette.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
øystein salhus