Vidareutdanning (bachelornivå)

Musikk, opne emne

Deltid, Heiltid

Vil du lære deg å spele eit musikkinstrument eller å synge, utøve musikk saman med andre, lage og arrangere musikk, eller å lære meir om musikken og teoriane bak? Då kan du velje eit eller fleire av desse opne emna.

Studieprogrammet rettar seg mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor ulike yrkesretningar, til dømes grunnskulen, kulturskulen og det frie kulturlivet.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4600

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Valbare emne hausten 2018:

  • Inn i musikken 1 (15 stp)
  • Musikk i barneskulen (15 stp)
  • Musikk og livshandtering 1 (15 stp)
  • Musikkteknologi 1 (15 stp)

Studiet skal mellom anna gi deg kunnskap om sentrale metodar innanfor musikkteori, musikkutøving og musikkteknologi. Du skal utøve musikk, komponere og improvisere musikk og lage musikkproduksjonar, samt lære om lydproduksjon og lydredigering.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, gruppearbeid, dialog/samtale, utøving av musikk, individuelt og i grupper og individuelt arbeid.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emna kan godskrivast som del av årsstudium og bachelor i Musikk. Dei kan også godskrivast i valfri del i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål: Øystein Salhus

Studieplan

Musikk, opne emne (vår)

Studieprogram: 
Musikk, opne emne
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Musikk opne emne (vår) inneheld dei fire valemna MUS 103 Inn i musikken 2 og MUS 104 Musikk for barn og unge 2.

Desse to 15 st.p. emna gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Dei kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. MUS 103 og MUS 104 er også to av fire emne (MUS 101, MUS102, MUS 103 og MUS 104) som til saman utgjer årsstudium i musikk.

Musikk, opne emne rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.

  • MUS103 Inn i musikken 2 gjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Med til dette emnet høyrer også det å synge i kor/spele i orkester. (Sjå emneplan for nærare info)
  • MUS104 Musikk for barn og unge 2 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. (Sjå emneplan for nærare info)
Læringsutbytte

Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:

musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

 

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kunnskap om sentrale metodar innan musikkteori, musikkteknologi og musikkutøving
  • har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
  • har kunnskap om musikk og helse
Ferdigheiter

Studenten: 

  • har erfaring med utøving og tilrettelegging av musikk og har teoretisk kunnskap til bruk i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
  • kan legge tilrette for utøving og bruk av musikk for ulike aldersgrupper.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
  • kan reflekter over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng. 
Organisering og arbeidsmåtar
  • Førelesingar
  • Dialog gjennom samtale/refleksjon
  • Gruppearbeid
  • Utøving av musikk, individuelt og i grupper
  • Individuelt arbeid
Navn: 
Musikk, opne emne (vår)
Emne2020 Vår
Valbare emner vår 2020
15
 
15
 
MUS104 Musikk for barn og unge 2
Ansvarleg
Svein Hunnes