Vidareutdanning (bachelornivå)

Musikk og livsmeistring 1

Deltid, Samlingar

Emnet tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livshandtering og psykisk velvære.

Studentane skal få teoretisk bakgrunnskunnskap og praktisk trening i skapande og medskapande musikkaktivitet, samtidig som musikkaktiviteten vil vere utgangspunkt for refleksjon og drøfting. Det blir lagt vekt på potensialet for modning og samfunnsintegrering som kan fylgje med musikkaktivitetar.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4093

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vil vere samlingsbasert, med tre konsentrerte bolkar gjennom semesteret. Kvar bolk vil gå frå torsdag til og med søndag. Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det blir gitt råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet.

Tidene for samlingane i MUS107 denne hausten blir:

10.-13. september
15.-18. oktober
12.-15. november

Praktisk eksamen 15. november
Levering eksamensrefleksjon 30. november

Kontakt

Fagleg ansvarlege: Magnar Åm og Øystein Salhus


Last ned studiet som PDF