Vidareutdanning (bachelornivå)
Miljøterapi i demensomsorga
Deltid, Samlingar
Vidareutdanninga rettar seg mot sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, fagarbeidarar, sosialarbeidarar, vernepleiarar og andre som arbeider i omsorgstenestene.
Eit meir demensvenleg samfunn er målet i Demensplan 2020 der kunnskap og kompetanse er sentralt. Omsorgstenestene står i dag ovanfor store utfordringar for å legge til rette for eit meiningsfullt og aktivt liv for personar med demens og deira pårørande.
Studieavgift kr 15 000. Ein kan søkje kommunen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Kommunen kan få dekka utgiftene hos Fylkesmannen (Kompetanseløftet 2020) etter søknad.
Søknadskode : 4089
Info og frister
Varigheit 2 semester (1 år)
Studiepoeng 15
Start Haust
Søknadsfrist Løpande opptak
Studieinnhald
Etter gjennomført studium skal studentane ha kompetanse til å møte utfordringar ved kognitiv svikt både i demensomsorga og elles. Vidare skal dei ha kunnskap om personsentrert omsorg og ferdigheter til å kunne planlegge, iverksette og evaluere relevante miljøtiltak individuelt og i grupper. Det er også lagt vekt på å gi studentane kompetanse til å kunne spele på lag med pårørande og kunne reflektere over kva som er god omsorg i møte med sårbare grupper.
Aktuelle tema:
- Demens og kognitiv svikt
- Nasjonale føringar i fagfeltet
- Personsentrert omsorg
- Kommunikasjon og samhandling
- Pårørandeperspektivet
- Velferdsteknologi
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Du kan også søke om opptak med grunnlag i realkompetanse.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er samlingsbasert, to samlingar om hausten og to samlingar om våren. Kvar samling er på tre dagar. Undervisninga er organisert i førelesningar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium.
Studentane som kjem frå same arbeidsplass dannar læringsgrupper som skal møtast mellom samlingane. Dei får tilgang til eige elektronisk klasserom (Canvas) der m.a. program for samlingane, førelesningar og studiearbeid blir tilgjengeleg.
Samlingar 2018/2019
Vekesamlingar (onsdag, torsdag og fredag)
- Første samling: veke 38/2018
- Andre samling: veke 48/2018
- Tredje samling: veke 3/2019
- Fjerde samling: veke 14/2019
Aktuelle yrke og vidare studium
Vidareutdanninga gir etterspurd kompetanse til ulike yrkesgrupper innanfor omsorgstenestene, som arbeider for å legge til rette for personar som bur heime, dei som har eit aktivitetstilbod på dagtid eller bur på institusjon.
Kontakt
For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18 eller e-post
Faglege spørsmål: Høgskulelektor Eli Fjeldseth Røys | 95213301
Kontaktperson: Studiekoordinator Ragnhild Korsbrekke
Praktisk informasjon
Miljøterapi i demensomsorga (MILD101) har studiestart onsdag 19. september kl. 09.15.
Samlingane for studieåret 2018/2019 vert:
Vekesamlingar onsdag, torsdag og fredag
Første samling: veke 38/ 2018
Andre samling: veke 48/ 2018
Tredje samling: veke 3/ 2019
Fjerde samling: veke 14/ 2019
Informasjon om undervisningsrom vert klart nærare studiestart.
Det er obligatorisk frammøte (dvs. krav om 80% frammøte).
Studieavgift kr 15.000,- (Kommunen kan søkje fylkesmannen om støtte til studieavgift og andre utgifter)
Kontaktpersonar
Eli Fjeldseth Røys efr@hivolda.no tlf.70 07 52 99 eller 95 21 33 01 og Ragnhild Korsbrekke rak@hivolda.no tlf. 70 07 51 15
Studieplan
Miljøterapi i demensomsorga
Studiet skal vere med å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som arbeider i demensomsorga. Målet er å legge tilrette for miljøtiltak i ein personsentrert omsorgspraksis. Målgruppa for studiet er helse- , omsorg- og sosialarbeidarar som arbeider i heimebaserte tenester, på dagaktivitetstilbod og institusjon.
Eit meir demensvenleg samfunn er målet i Demensplan 2020. På grunn av auka levealder og endra alderssamansetting, vil truleg talet på personar med demens verte dobla dei næraste 30-40 åra. Det vil vere trong for ulik type tenester i heimane, på dagsenter og i sjukeheimane, og yrkesutøvarane treng kompetanse i personsentert omsorg spesielt. Når ein skal spele på lag med pårørande vil også den kunnskapen kome godt med. Refleksjon over kva som er god omsorg i møte med sårbare grupper er sentralt.
- Du kan søkje kommunen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Kommunen kan få dekka utgiftene hos Fylkesmannen (kompetanseløftet 2020) etter søknad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om::
- kognitiv svikt og demens
- personsentrert omsorgspraksis og miljøbehandling
- realitetsorientering, validering og erindringsarbeid
- forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- observere og kartlegge brukarane sine ressursar
- planlegge og gjennomføre miljøtiltak individuelt og i gruppe
- evaluere miljøtiltak
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- handtere etiske utfordringar rundt tillitsskapande tiltak
- identifisere sårbare situasjonar
- reflektere over kva som er god demensomsorg
- planlegge og delta i helsefremjande arbeid retta mot brukarar og pårørande
Studiet er organisert med 2 samlingar om hausten 2018 og 2 samlingar om våren 2019, kvar samling på 3 dagar. Undervisninga vil ha ulike former som førelesingar, praktiske øvingar, prosjektarbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium. Studentane som kjem frå same arbeidsplass dannar læringsgrupper som skal møtast mellom samlingane. Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas), der m.a. program for samlingane, førelesingar og studentarbeid blir tilgjengeleg.
Det er obligatorisk frammøte (dvs. krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Høgskulen sender karakterutskrift automatisk når emnet er fullført.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum | 7.5 | 7.5 |
Studieavgift kr. 15 000
(kommunane kan søke om kompetansemidlar frå Fylkesmannen til å dekke studieavgifta m.a.)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)