Vidareutdanning (masternivå)
Migrasjon, kjønn og religion / Migration, gender and religion
Deltid
Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid. Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår.
Søknadskode : 4362
Info og frister
Varigheit 1 semester
Studiepoeng 15
Start Vår
Studieinnhald
Masteremnet har tre delemne:
- Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
- Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
- Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen
Les meir om emnet her
Opptakskrav
Opptakskravet til emnet er det same som for Master i kulturmøte. Les her.
Emnet kan også veljast av studentar ved andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vil bli nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Vurdering i emnet skjer på grunnlag av endeleg versjon av prosessoppgåva, og ein justerande munnleg eksamen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får emnet automatisk godskrive i graden.
Kontakt
For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post
For faglege spørsmål:
Inger Marie Okkenhaug
Praktisk informasjon
Samling i veke 12
Oppmøte måndag kl. 10:15 den 18.03 på BK 157
Annan informasjon
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av pensumdel og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium før og etter samlinga, og at dei leverer utkast til prosessoppgåve, kommentar til medstudent samt presentasjon av pensumdel (alle arbeidskrav).
Pensumlista finn du her