Vidareutdanning (bachelornivå)

Medieproduksjon og samansette tekstar i læring

Deltid, Nettstudium

Studiet gir kjennskap til elevane sin mediebruk og mediekultur. Du lærer å produsere samansette tekstar med til dømes skrift, bilete, lyd og video, og korleis du kan legge til rette for elevane sin bruk og produksjon av slike tekstar. 

Studiet er nettbasert og har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

Opnar for søking 1. november

Søknadskode : 3934

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Studieinnhald

Studiet gir deg kompetanse gjennom praktiske øvingar. Du får tilbakemeldingar og drøftar faglege og didaktiske utfordringar du møter som lærar i LK20. 

Les meir om emnet her

Opptakskrav

Lærarutdanning eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og rettleiing er nettbasert. E-læringssystemet Canvas vert nytta. Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av nettleksjonar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. 

Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord. Mappeeksamen skal leverast elektronisk. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:

Karin Kolås


Last ned studiet som PDF