Årsstudium

Mediekunnskap

Heiltid

Årsstudium i Mediekunnskap ved Høgskulen i Volda gir deg brei innføring i tradisjonelle og nye medium relatert til skule, arbeidsliv og samfunn. Du får også ein introduksjon i design, foto, film- og videoproduksjon og medieteori.

Closed for application

Søknadskode : 223 663

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Ved årsstudium i Mediekunnskap får du teoretisk og teknisk kunnskap innanfor mediefeltet, og ei innføring i praktisk medieproduksjon. Du får kompetanse i å skape, presentere og formidle ulike kombinasjonar av tekst-, lyd- og biletemedier ved hjelp av ny, relevant teknologi. Du skal også uføre praktisk arbeid med lyd, film og kampanje, og i tillegg lære korleis ein kan undersøke mediebruk med kvalitativ og kvantitativ metode.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med ein kombinasjon av førelesing, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det vert lagt vekt på problembasert og studentaktive arbeidsformer. For auka kvalitet og kontinuitet, krev vi at studentane har eigen PC som er kapabel til mediearbeid. Høgskulen i Volda har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark som er tilgjengeleg for studentane til spesielle formål.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Mediekunnskap årsstudium er identisk med første året i bachelor i Media, IKT og design. Du kan difor studere vidare om du ønskjer å fullføre graden. Ved å studere mediekunnskap legg du eit godt grunnlag for jobbar innan fagfeltet – som for eksempel mediedesigner eller medieprodusent.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Ivar John Erdal

Studieplan

Mediekunnskap

Studieprogram: 
Mediekunnskap årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Årsstudiet i Mediekunnskap gjev kandidaten teoretisk og teknisk kunnskap innan mediefeltet, og ei innføring i praktisk medieproduksjon. Studiet gjev ein introduksjon til design, foto, film og videoproduksjon, web og kampanje i tillegg til medieteori. Fyrste semester gjev ei grunnleggande innføring i medieteori og medievitenskap, saman med ei praktisk innføring i design, foto og web. I andre semester arbeider studentane både teoretisk og praktisk med lyd, film og kampanje, og lærer korleis ein kan undersøke mediebruk med kvalitativ og kvantitativ metode.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Kandidaten

  • har kunnskap om grunnleggande medievitskapleg teori.
  • har kunnskap om grunnleggande kvalitativ og kvantitativ metode i mediefaga.
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  •  har erfaring med medieproduksjon og er i stand til å skape, presentere og formidle i ulike kombinasjonar av tekst-, lyd- og bildemedier ved hjelp av ny, relevant teknologi.
  •  skal kunne gjere reflekterte og medvitne val i utforminga av ulike medieprodukt med forståing av det spesifikke ved det valde mediet, den valde publiseringsforma og mottakarkonteksten.
  •  skal kunne analysere og vurdere ulike medietekstar ut frå ei forståing av det som er spesielt for det enkelte medieuttrykket med omsyn til form, innhald og funksjon, og for samspelet med andre medietekstar.
Generell kompetanse: 

Kandidaten

  • har innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå.
  • har utvikla eit aktivt og medvite forhold til eigen og andre sin mediebruk.
  • har erfaring med å skrive akademiske tekstar.
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er likt det første året i Bachelorstudiet Media, IKT og design (MID). Dei som fullfører Mediekunnskap har høve til å søke seg inn på 2. året på Mediedesign eller Medieproduksjon innan dei fristar som gjeld. Studiet er organisert med lokal undervisning i form av forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Navn: 
Mediekunnskap årsstudium
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

For auka kvalitet og kontinuitet i studiet anbefalar vi at studentane stiller med eigen bærbar PC/Mac som er kapabel til mediearbeid, samt minnekort (SD) til bruk i kamera/lydutstyr. Høgskulen har i tillegg ein godt utstyrt maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Ivar John Erdal