Årsstudium

Matkultur og helse

Heiltid

Som student ved årsstudium i Mat og helse ved Høgskulen i Volda, lærer du å jobbe med mat frå mange ulike perspektiv og tradisjonar. Du vil få kunnskap om både norsk matkultur og matkultur frå andre delar av verda. Du lærer også å sjå samanhengen mellom ernæring og helse. Studiet dannar grunnlag for å jobbe med matkultur og helse i skulen eller anna formidlingsverksemd.

Closed for application

Søknadskode : 223 446

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Årsstudiet gir grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i å undervise i matkultur og helse i grunnskulen. Studiet har ei tverrfagleg tilnærming der naturfag, helsefag, samfunnsfag og religion har ei sentral rolle. Du lærer å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at du tilpassar undervisninga til individuelle behov. Du vil tileigne deg kunnskap og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag. Du lærer også å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Som student ved årsstudium i Mat og helse vil du delta på matlaging både innandørs og utandørs, eksperimentering, ekskursjonar, prosjekt- og temaarbeid, i tillegg til forelesingar. For dei som tek studiet som ein del av grunnskulelærarutdanninga, inngår det ein integrert praksisperiode på minimum 10 dagar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i Mat og helse passar for deg som vil jobbe med formidling av matkultur og helse til barn, ungdom og vaksne i skulen eller anna formidlingsverksemd. Studiet kan inngå som ein del av grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda eller som valfri del av ein bachelorgrad.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Kari Ryslett og Ammar Ali Hassan

Praktisk informasjon

Studiet Matkultur og helse er sett saman av dei to halvårsstudia Mat, kosthald og helse (MKH) og Mat, kultur og konservering (MKK). Desse to er ulikt organisert:

Mat, kultur og konservering (MKK 101, 30 stp)
Undervisninga i studiet vert gitt i fem samlingar per semester, torsdag kl. 16.15-20.00 og fredag kl. 09.00-15.00. I tillegg kjem noko anna frammøte (sjå nedanfor). All undervisning i studiet er obligatorisk. Frammøte til første undervisningsøkt er torsdag 16. august kl.15.15 (NB: merk tida) i undervisningskjøkenet i kjellaren på Kaarstad.

Samlingar hausten 2018:
16.-17. august: Oppstart og informasjon. Innleiande førelesningar. Bær, frukt og hermetisering
6.-7. september: Matlaging for barn og kortreist gjestebod. Førebuing til kulturarrangement.
23. september: Kulturarrangement i høve Forskingsdagane på Volda bygdetun, Haualeite (obligatorisk frammøte og arbeidskrav)
25.-26. oktober: Kjøt og slakting
15.-16. november: Takkebakst, lefser, flatbrød og søst
29.-30.november: Jul og julemat
Veke 50: eksamen

Mat, kosthald og helse (MKH 101, 30 stp)
Undervisninga i studiet vert normalt gitt måndagar (kl. 09.15-15.00) og tysdagar (kl. 09.15-15.00). 
All undervisning er obligatorisk (sjå. emne- og studieplan).Tid og stad for første frammøte: måndag 20. august på undervisningskjøkenet i underetasjen på Kaarstad.

Undervisningsvekene hausten 2018:
veke 34-36, 38-39, 42, 44-45: ordinær undervisning
veke 37, 40-41, 43, 46-48: studieveke
veke 49: eksamen

Undervisningsstad

Mestepareten av undervisninga går føre seg på undervisningskjøkenet i underetasjen på Kaarstad og i auditorium 306, Kaarstad. Nokre av samlingane vert lagt til andre plassar enn på Høgskulen og studentane må då sjølv syte for transport.

Annan informasjon

Det er krav om reint arbeidstøy (forkle og innesko) til all praktisk undervisning.

Planen er med atterhald om endringar. Endeleg plan vert delt ut ved semesterstart.

Studieplan

Matkultur og helse 60 stp.

Studieprogram: 
Matkultur og helse 60 stp.
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet består av dei to halvdelane "Mat, kosthald og helse" og "Mat, kultur og konservering".

Mat, kosthald og helse
Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Studenten vel her innretting mot 1.-7. eller 5.-10. årssteg. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande og førebyggjande institusjon, og faget Mat og helse er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Studiet er både teoretisk og praktisk, og studentane skal lære å planlegge ei undervisning som tek vare på både dei praktiske og teoretiske sidene. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06). Dei skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga til individuelle behov. Dei skal og lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag der skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng.

Mat, kultur og konservering
Studentane skal her tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar. Mat og matkultur er en del av menneska sin identitet, tradisjonar og tilhøyrsle og viser seg gjennom våre liv og samfunn. Den generelle samfunnsutviklinga, teknologiske nyvinningar og ulike konserveringsmetodar har prega både mat og matkultur. Kultur, nasjonalitet og religion er óg med å påverke mat og måltid. Studiet har difor ei tverrfagleg tilnærming til mat, der fag som mat og helse, historie/etnologi, naturfag, samfunnsfag og religion er aktuelle fagområde.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Mat, kosthald og helse

Etter fullført studium skal studenten ha

  • kunnskap i ernæringslære og helse, og korleis ein kan arbeide førebyggjande og helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap om skulefaget Mat og helse; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
  • kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid

 

Mat, kultur og konservering

Etter fullført emne skal studenten vise kunnskap om

  • konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, fisk, frukt og bær
  • korleis slaktinga om hausten går føre seg og om partering og handsaming av kjøt
  • korn og baking av lefser og flatbrød
  • mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør
  • mat, kultur og religion og kunne planlegge eit måltid knytt til ein religion
  • førhistorisk matlaging, kunne bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage kokegrop
  • undervisning og formidling av mat og matkultur i skule og barnehage, på kulturarrangement, innan reiseliv og anna verksemd
  • å gjennomføre ei undersøking kring mat og matkultur ved å bruke ei eller fleire forskingsmetodiske tilnærmingar
  • korleis årstider og høgtider pregar, og har prega, mat og måltid
Ferdigheiter: 

Mat, kosthald og helse

Etter fullført studium skal studenten

  • ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktiviteter knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff

 

Mat, kultur og konservering

Etter fullført emne skal studenten

  • vise ferdigheiter i konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, fisk, frukt og bær
  • vise erfaring med korleis slaktinga om hausten går føre seg og om partering og handsaming av kjøt
  • vise ferdigheiter i baking av lefser og flatbrød
  • vise erfaring med om mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør 
  • vise erfaring med, og ferdigheiter i, å stelle i stand eit måltid knytt til ein religion 
  • vise erfaring med, og ferdigheiter i, å bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage kokegrop
  • planlegge og gjennomføre undervisning og formidling av mat og matkultur i til dømes skule og barnehage, på kulturarrangement, innan reiseliv og anna verksemd
  • formidle mat og matkulturelle tema i eit digitalt format til eit allmennt publikum
  • gjennomføre ei undersøking kring mat og matkultur ved å bruke forskingsmetodiske tilnærmingar
Generell kompetanse: 

Mat, kosthald og helse

Etter fullført studium skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)

 

Mat, kultur og konservering

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne reflektere kritisk kring mat og matproduksjon i menneska sine liv og samfunn før og no
  • syne eit reflektert forhold til ulike formar for kunnskap i samband med mat og matkultur
  • kunne formidle handlingsboren og teoretisk kunnskap om mat og matkultur
  • kunne bruke mat og matkultur i tverrfaglege samanhengar i møte med ulike kulturar, nasjonalitetar og religionar
  • reflektere kring innsamling og bevaring av tradisjonar, kunnskap, kultur og historie gjennom dokumentasjon av mat og matkultur
  • forholde seg reflektert, kritisk og metodisk til ulik informasjon og kjelder i samband med mat og matkultur
Organisering og arbeidsmåtar: 

Sjå emneplanane og «praktisk informasjon» for informasjon om innhald og organisering.

Sjå studiemodell for meir informasjon om studieløpet.

Navn: 
Matkultur og helse 60 stp.
Emne2018 Haust2019 Vår
Obligatoriske emne
15
15
Haust: For MKH101-emna skal studenten velje mellom emna retta mot 1-7 eller 5-10. Vår: For MKH102-emna skal studenten velje mellom emna retta mot 1-7 eller 5-10. Studenten må velje same årsstegsinnretning i begge semestera.
1515
 
15
 
15
 
15
 
15
Praksis: 

Ei rettleidd og vurdert praksisperiode på minimum 10 dagar inngår som integrert del for dei som tek studiet som del av ei lærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå emneplanane.

Kostnader: 

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 3600,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen og studentane må då sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Kari Ryslett, 700 75272, karir@hivolda.no / Ammar Ali Hassan, 700 75496, hassana@hivolda.no