Vidareutdanning (masternivå)

Matematikk

Deltid, Samlingar

Praktisk informasjon

Vidareutdanninga består av to emne, ULMA303 (haust 2017) og ULMA304 (vår 2018)..

ULMA303 har første undervisningsdag måndag 4. september 2017 kl.0915 på Høgskulen i Volda.

Undervisningsstad

Høgskulen i Volda.

Annan informasjon

Dette vidareutdanningsstudiet er ein del av Master i undervisning og læring.

Undervisninga er samlingsbasert med obligatorisk frammøte.
For oversikt over alle samlingstidspunkta sjå her: Lenkje til samlingstidspunkt.

Studiet er ei vidareutdanning på masternivå knytt til skulefaget matematikk, og det er retta mot deg som har lærarutdanning og minimum 60 studiepoeng i matematikk frå før. Studiet inngår i Master i undervisning og læring, med spesialiseringar i matematikk, norsk eller spesialpedagogikk. Dersom du seinare ønskjer å fullføre ein mastergrad, kan du søkje opptak på denne masteren med spesialisering i matematikk.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4386

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet inneheld dei tre hovudtemaa problemløysing, modellering og matematikkens historie. Problemløysing og modellering er begge gode døme på matematikk som reiskapsfag, samstundes som dei i skulen gir godt grunnlag for tilpassa opplæring. Å kjenne matematikkens historie og korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg, er viktig om ein arbeider med læring i matematikk. Ikkje minst for å forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken vert vektlagt.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (eller student ved grunnskulelærarutdanning) og 60 studiepoeng matematikk med karakteren C eller betre.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er bygd opp av to emne kvar på 15 studiepoeng. Kvart emne har fem samlingar over to dagar. Det er obligatorisk oppmøte på samlingane og arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Fullført vidareutdanning gir deg oppdatert og forskingsbasert kunnskap i og om faget matematikk. Slik kompetanse er i dag svært etterspurt i grunnskulen.

Kontakt

Programansvarleg: Arne Kåre Topphol, 70 07 53 63, arnekare.topphol@hivolda.no

Studieplan

Matematikk – vidareutdanning på masternivå

Studieprogram: 
Vidareutdanning i matematikk
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning (eller student ved grunnskulelærarutdanning) og 60 studiepoeng matematikk med karakteren C (2,8 eller stått) eller betre.

Om studiet: 

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing og matematisk modellering
  • ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar
  • matematikkens historie og skulematematikkens historiske utvikling
  • undervisningskunnskap i geometri og algebra
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne:

  • bruke digitale verkty i problemløysing og matematisk modellering
  • konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar
  • nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring
  • analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Generell kompetanse: 

   Studentane kan drøfte ulike sider ved matematikkfaget i skulen og vere med å utvikle det vidare. 

Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng; emnet ULMA303 i haustsemesteret og emnet ULMA304 i vårsemesteret. Studiet er samlingsbasert med fem obligatoriske samlingar à 2 dagar i Volda pr semester.

Navn: 
Vidareutdanning i matematikk på masternivå, oppstart haust
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Arne Kåre Topphol T: 70075363 E: arnekare.topphol@hivolda.no