Matematikk 2 for 5.–10. årssteg

Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår

    Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.

  • Studieplan

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning. 

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt delvis i sanntid og delvis som nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. Undervisning i sanntid vil bli lagt til onsdagar innanfor tidsrommet 14:00-16:00. 

For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har munnleg eksamen, i vårsemesteret skriftleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i matematikk på 5.-10. årssteg i grunnskulen. Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studieåret 2023-2024 er samlingane i Volda lagt til desse datoane:
•    31.  august – 1. september
•    19.-20. oktober
•    11.-12. januar
•    21.-22. mars

Pensum

Pensumlister kan ein finne her   - i første omgang for tidlegare år, rundt månadsskiftet mai/juni vil listene for hausten vere klare

Studieplan

Matematikk 2, 5.-10. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

Om studiet

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
  • har kunnskap i matematisk analyse, talteori og trigonometri, og kan relatere denne kunnskapen til matematikkfaget i grunnskulen
  • har kunnskap om bruk av digitale verktøy i matematikk
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring
Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med matematikkvanskar og tilpassa opplæring
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning 
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er i hovudsak nettbasert, men med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). 

Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng, eitt om hausten og eitt om våren. Begge emna har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Navn: 
Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr. 10 000,- (kr. 5 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg
Øyvind Roger Halse, oyvind.roger.halse@hivolda.no, tlf. 70 07 52 76
  • Deltid, Nettstudium, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår

    Løpande opptak til studiet er fullteikna eller seinast 1. august.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng i matematikk.

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 4157

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt