Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 2 for 5.–10. årssteg

Deltid, Samlingar

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Det er studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4157

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning. 

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 stp i matematikk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.

Nettleksjonar vert normalt lagt ut i Canvas og Adobe Connect vert nytta til eventuelle nettsamlingar. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Matematikk 2 (5-10) svarar til andre halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget.

Studiet dannar grunnlag for opptak på «Vidareutdanning i matematikk» (masternivå). Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.

Kontakt

KONTAKT

- For spørsmål om inntak: Ta kontakt med Studentsørvis

- For faglege spørsmål: Ta kontakt med studieprogramleiar Øyvind Halse

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Det vert gjennomført eitt emne på hausten og eitt emne på våren. Meir detaljar om emna finn du under Studieplan.

Samlingsinformasjon/Samlingar

SAMLINGAR I VOLDA

  - 25.-26.august og 22.-23.september hausten 2020

  - 5.-6.januar og 16.-17.mars våren 2021

Desse samlingane er det obligatorisk oppmøte på. Samlingane startar kl.12.15 første dag av samlinga og sluttar kl.15.00 andre dag av samlinga. Meir detaljar om innhald og tidspunkt vil gå fram av semesterplanen som er klar ved semesterstart.

Undervisningsstad

NETTUNDERVISNING

Dei fleste vekene vert det lagt ut nettleksjonar i Canvas, som er ein kombinasjon av videoforelesing, arbeid med oppgåver, lesing av pensum med meir. Det kan i tillegg verte møtepunkt eller undervisning i Adobe Connect. Dette er normalt ikkje obligatorisk frammøte på, og vil ofte verte gjort tilgjengeleg i etterkant.    

Annan informasjon

PENSUM

Komplett pensumliste vil ligge føre til semesterstart.

Studieplan

Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

Om studiet

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
  • har god kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kunne relatere dette til det matematikkfaglege innhaldet i grunnskulen
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevars læring
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elevar som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar, nettbasert, oppstart haust
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Praksis

Studiet inneheld ikkje eigen praksis. Studentar som ønskjer å bruke studiet som del av ei grunnutdanning som lærar må i samarbeid med gradsgivande institusjon sørge for at praksiskravet i utdanninga blir stetta.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr. 8 000,- (kr. 4 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg
Arve Fiskerstrand, arve.fiskerstrand@hivolda.no, tlf. 70 07 54 34

Last ned studiet som PDF