Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 2 for 5.–10. årssteg

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar med vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Avgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4157

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematisk analyse (funksjonar, derivasjon, integrasjon), talteori, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning. 

Tidsplan for studieåret 2018/2019

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning og 30 stp i matematikk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Du treng difor datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider.

Aktuelle yrke og vidare studium

Matematikk 2 (5-10) svarar til andre halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget.

Studiet dannar grunnlag for opptak på «Vidareutdanning i matematikk» (masternivå). Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Odd Helge Mjellem Tonheim

Studieplan

Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

Om studiet: 

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna.

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
  • har god kunnskap i matematisk analyse og talteori og kunne relatere dette til det matematikkfaglige innhaldet i grunnskulen
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elever som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Organisering og arbeidsmåtar: 

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Matematikk 2 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Praksis: 

Studiet inneheld ikkje eigen praksis. Studentar som ønskjer å bruke studiet som del av ei grunnutdanning som lærar må i samarbeid med gradsgivande institusjon sørgje for at praksiskravet i utdanninga blir stetta.

Kostnader: 

Studiet har ei studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne). 

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Odd Helge Mjellem Tonheim, oddht@hivolda.no, tlf. 70 07 53 68