Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 2 for 1.–7. årssteg

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Praktisk informasjon

Undervisninga startar med samling i Volda 23.-24. august 2017. Vi startar kl 12:15 torsdag 23.08. og er ferdig kl 15 fredag 24.08. Det er lurt å ta med datamaskin med headsett til samlinga.  

Undervisningsstad

Høgskulen i Volda, rom kjem seinare. 

Annan informasjon

Oversikt over tider for samlingar og tider for nettundervisning i dei ulike vidareutdanningane i matematikk finn du her: Tidsplan

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Canvasog Adobe Connect. Du må difor ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Avgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4057

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet gir eit godt didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Tema i studiet er matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning med døme henta frå geometri, tallære, funksjonslære, algebra og statistikk.

Tidsplan for studieåret 2018/2019

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU) og 30 stp matematikk.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Du må difor ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga i matematikk svarar til den valfrie påbygginga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årssteg. Studiet dannar grunnlag for opptak på «Vidareutdanning i matematikk» (masternivå). Lærarutdanning med 60 studiepoeng matematikk kan gi opptak til Master i undervisning og læring – spesialisering i matematikk.

Kontakt

Emneansvarleg
Antje Meier
E-post: 
Antje.Meier@hivolda.no
Telefon: 70 07 53 19

Studieprogramansvarleg
Odd Helge Mjellem Tonheim
E-post:
oddht@hivolda.no
Telefon: 70 07 53 68

Studieplan

Matematikk 2 (1-7) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 2 (1-7) - vidareutdanning for lærarar
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

Om studiet: 

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg.
Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av ulike matematiske emne.
  • har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring.
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring på barnesteget. 
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen: Begynneropplæring, overgangen frå barnehage til skule, og overgangar mellom stega i skulen
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elever som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning 
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Organisering og arbeidsmåtar: 

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Matematikk 2 (1-7) - Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webcamera, headset og mikrofon.

Praksis: 

Studiet inneheld ikkje eigen praksis.
Studentar som ønskjer å bruke studiet som del av ei grunnutdanning som lærar må i samarbeid med gradsgivande institusjon sørgje for at praksiskravet i utdanninga blir stetta.

Kostnader: 

Studiet har ei studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Odd Helge Mjellem Tonheim, oddht@hivolda.no, tlf. 70 07 53 68