Matematikk 1 for 5.–10. årssteg
Vidareutdanning (bachelornivå)
Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.
Det er studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.
- Deltid, Nettstudium, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vår
- Opptakskrav
Lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU)
- Studieplan
Studieinnhald
Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, kombinatorikk, geometri, måling og funksjonslære. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk som Geogebra og rekneark.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.
Nettleksjonar vert normalt lagt ut i Canvas og Adobe Connect vert nytta til eventuelle nettsamlingar. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Vidareutdanninga svarar til første halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 5.-10. årssteg.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studieåret 2021-2022 er samlingane i Volda lagt til desse datoane: 1.-2. september, 20.-21. oktober, 12.-13. januar, 23.-24. mars.
Studieplan
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning, og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på 5.-10. steg
- har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
- har kunnskap om bruk av digitale verktøy og programmering i matematikk
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget og ungdomssteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet har ei studieavgift på kr. 8 000,- (kr. 4 000,- pr. emne) + semesteravgift.
- Deltid, Nettstudium, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haust vår
- Opptakskrav
Lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU)
- Studieplan
Søknadskode : 4056