Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 1 for 5.–10. årssteg

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar. Avgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Stengt for søking

Søknadskode : 4056

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, kombinatorikk, geometri, måling og funksjonslære. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk som Geogebra og rekneark.

Tidsplan for studieåret 2018/2019

Opptakskrav

Lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU) 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga elles vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Du må difor ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og førelesing. Det vert kravt aktiv deltaking frå studentane gjennom heile studiet. Ulike innleveringsoppgåver skal leverast etter oppsett tidsplan, og det er ein føresetnad at studentane er aktive i diskusjonar og presentasjonar på nettet til fastsette tider.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga svarar til første halvdel av årseininga i matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. årssteg. Temavalet er gjort for å gi kompetanse til å undervise matematikk på mellomsteget og ungdomssteget. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 5.-10. årssteg.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Odd Helge Mjellem Tonheim

Studieplan

Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet: 

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på 5.-10. steg
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget og ungdomssteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis 
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Organisering og arbeidsmåtar: 

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Matematikk 1 (5-10) - Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Kostnader: 

Studiet har ei studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg: 
Odd Helge Mjellem Tonheim, oddht@hivolda.no, tlf. 70 07 53 68