Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Vidareutdanningstilbodet er retta mot lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget. Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4141

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Studiet skal gi didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Studentane skal få kompetanse til å undervise matematikk, i tillegg til kompetanse til å kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, kombinatorikk, geometri, måling og funksjonslære. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.

Tidsplan for studieåret 2018/2019

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer for undervisning i matematikk på 5.–10. årssteg i grunnskulen.

Studieplan

Matematikk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Matematikk 1 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Fullført lærarutdanning.

Om studiet: 

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. klassesteget. Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på 5.-10. steg
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på mellomsteget og ungdomssteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis 
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Organisering og arbeidsmåtar: 

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Navn: 
Matematikk 1 for 5.–10. årssteg, «Kompetanse for kvalitet»
Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Odd Helge Mjellem Tonheim, oddht@hivolda.no, tlf. 70 07 53 68