Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 1 for 1.–7. årssteg

Deltid, Samlingar

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Det er studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Opnar for søking 1. november

Søknadskode : 4055

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU) 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.

Nettleksjonar vert normalt lagt ut i Canvas og Adobe Connect vert nytta til eventuelle nettsamlingar. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga svarar til den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årssteg. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 1.- 7. årssteg.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Arve Fiskerstrand


Last ned studiet som PDF