Vidareutdanning (bachelornivå)

Matematikk 1 for 1.–7. årssteg

Deltid, Samlingar

Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.

Det er studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4055

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, geometri, måling og funksjonsomgrepet. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, begynnaropplæring, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU) 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester.

Nettleksjonar vert normalt lagt ut i Canvas og Adobe Connect vert nytta til eventuelle nettsamlingar. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga svarar til den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årssteg. Studiet dannar grunnlag for opptak på Matematikk 2 for 1.- 7. årssteg.

Kontakt

KONTAKT

- For spørsmål om inntak: Ta kontakt med Studentsørvis

- For faglege spørsmål: Ta kontakt med studieprogramleiar Øyvind Halse

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Det vert gjennomført eitt emne på hausten og eitt emne på våren. Meir detaljar om emna finn du under Studieplan.
       

Samlingsinformasjon/Samlingar

SAMLINGAR I VOLDA

  - 26.-27.august og 14.-15.oktober hausten 2020

  - 6.-7.januar og 17.-18.mars våren 2021

Desse samlingane er det obligatorisk oppmøte på. Samlingane startar kl.12.15 første dag av samlinga og sluttar kl.15.00 andre dag av samlinga. Meir detaljar om innhald og tidspunkt vil gå fram av semesterplanen som er klar ved semesterstart.

Undervisningsstad

NETTUNDERVISNING

Dei fleste vekene vert det lagt ut nettleksjonar i Canvas, som er ein kombinasjon av videoforelesing, arbeid med oppgåver, lesing av pensum med meir. Det kan i tillegg verte møtepunkt eller undervisning i Adobe Connect. Dette er normalt ikkje obligatorisk frammøte på, og vil ofte verte gjort tilgjengeleg i etterkant.

Annan informasjon

PENSUM

Komplett pensumliste vil ligge føre til semesterstart, men fylgjande kan reknast som primærlitteratur:

- Birkeland, P. A., et al. (2018). Matematikk for lærere 1. Oslo, Universitetsforlaget

- Birkeland, P. A., et al. (2018). Matematikk for lærere 2. Oslo, Universitetsforlaget

- Bjørnestad, Ø., et al. (2013). Alfa. Lærebok: matematikk for grunnskolelærerutdanningene 1-7 og 5-10. Bergen, Fagbokforlaget

Studieplan

Matematikk 1 (1-7) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)

Studieprogram: 
Matematikk 1 (1-7) - Videreutdanning for lærare (Nettbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning, og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på barnesteget
  • har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Navn: 
Matematikk 1 (1-7) Vidareutdanning for lærarar (nettbasert)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Kostnader

Studiet har ei studieavgift på kr. 8 000,- (kr. 4 000,- pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg
Arve Fiskerstrand, arve.fiskerstrand@hivolda.no, tlf. 70 07 54 34

Last ned studiet som PDF