Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)

Manusutvikling og stemmeskodespel

Deltid

Praktisk informasjon

Tysdag 20.august/ Tuesday the 20th of August
Offisiell studiestart for Høgskulen i Volda er tysdag 20.august kl.12.00.

Undervisningsstart for TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater, er måndag 26.august 10:15, i Brecht-salen
Undervisningsstart for TOD105 – Scriptwriting er måndag 2.september 12:15, i Brecht-salen.
 

The official opening at VUC is on Tuesday the 20th of August at 12:00.


Teaching will commence for TOD107 – Audiobook, dubbing and radio theatre on Monday the 26th of August at 10:15, in the Brecht-room
Teaching will commence for TOD105 – Scriptwriting on Monday the 2nd of September at 12:15, in the Brecht-room.

Undervisningsstad

Undervisning vert gjennomført i Brecht-salen. Andre rom vert oppgitt i semesterplan i Canvas ved studiestart.

All classes are held in the Brecht-room. Other rooms will be published in the Syllabus in Canvas at the beginning of the semester.

Utdanninga er organisert med vekt på studentaktive læringsformer og læring i eit sosialt samspel. Vi har undervisning både i full klasse, på nett og med individuell rettleiing.
Studiet er samlingsbasert med samlingar på måndag og tysdag.
Det vil også vere enkelte andre dagar knytt til rettleiing med Jesper Halle, og ei samling i Oslo.
All undervisning er obligatorisk.

The classes are organized in a way that promotes student learning and learning in a social context. Both lectures in full class, online and individual guidance will be given.
The course is part time, with campus classes on Mondays and Tuesdays.
Some extra days with guidance from Jesper Halle, or the Oslo week will come in addition.
All classes are compulsory.

Annan informasjon

Krav til utstyr/ Equipment:

Studentane må ha med eigen laptop til undervisning.

All students must bring their own laptop to class.

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis adaptere eit kunstnarleg uttrykk til eit anna? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg.

Stengt for søking

Søknadskode : 4238

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Studieinnhald

Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar og lære å bruke drama- og teaterfaglege arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kuntnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. KHIO, Lydbokforlaget og NRK)

Opptakskrav

60 stp i teater og drama.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert og undervisninga vert organisert i seminar, workshops, praktisk undervisning, gruppearbeid, individuelt arbeid og førelesingar. All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80% per samling. Det vil bli arrangert obligatoriske visingar/lesingar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. Det er lagt inn 1-2 studiereiser til eigen kostnad  i løpet av studiet. Klassesett med manus, lydbøker og høyrespel vert lånt ut til studentane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet tilsvarar 30 stp av andre året i Bachelor i teater og drama, og gir grunnlag for arbeid innanfor yrke som manusforfattar, og stemmeskodespelar/dubbar.

Kontakt

Seksjonsleiar og lektor i drama og teater Hege Holmqvist Synnes, tlf: 70075448 | 40847317, eller epost: hhs@hivolda.no

Eller:

Lektor og emneansvarleg Raymond Corrado Knutsen, tlf: 70075416 | 90255015, eller epost: raymond.corrado.knutsen@hivolda.no

Studieplan

Manusutvikling og stemmeskodespel

Studieprogram: 
Manusutvikling og stemmeskuespill
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
5
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

60stp i teater og drama, med minimum 30stp i skodespelarteknikk.

Om studiet

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater? 
Studiet er retta mot deg som vil arbeide med manusutvikling og stemmeskodespel. 

Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar, skriveteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kunstnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. KHiO, Lydbokforlaget, Nordubb og NRK).

I studiet skal de jobbe med m.a:

  • Stemmebruk
  • Mikrofonteknikk
  • Lydbok
  • Manusutvikling
  • Dubbing av film og voiceover
  • Radioteater
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om utvalde verkty og teknikkar innan manusutvikling.
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde teknikkar for stemmeskodespel og manusutvikling.
  • kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • produksjonar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • studioarbeid
  • nettførelesingar og webinar

Undervisinga i TOD105 vil vere på engelsk.

b) Progresjon

Vidareutdanning haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD105 - Scriptwriting + TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater

Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og skal vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Manusarbeid og analysar
  • Lydfiler
Navn: 
Manusutvikling og stemmeskodespel (Vidareutdanning)
Informasjon

Begge emner i denne studiemodellen er obligatoriske, og undervisningen er organisert samlingsbasert med samlinger i Volda og Oslo.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ved teaterstudia i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. 

Studentane skal:

  • ha eigen bærbar PC.
Internasjonalisering

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet

b) Emnet TOD105 - Script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.

c) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater inneheld samlingar i Volda og i Oslo. 

Kostnader
  • Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane. Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.

 

Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Vibeke Preus