Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Mangfald og meistring
I dette studiet lærer du om mangfaldet som ein barnehagelærar møter i barnehagen, med vekt på kunnskap om mangfald i språk, kultur, religion, kjønn, funksjon og barn si psykisk helse.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Heiltid
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
I studiet blir det vist til både allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tilnærmingar.
Relasjonskompetanse, kunnskap om barns ulike føresetnader og samarbeid med både foreldre og med interne og eksterne instansar blir framheva som relevant pedagogisk kompetanse for å meistre arbeidet som pedagogisk leiar. Det blir vidare lagt vekt på å utvikle forståing for korleis barnehagen som institusjon kan arbeide for å legge til rette for mangfaldet i barnegruppa. Emnet vil vere eit ledd i arbeidet med å bygge eit deltakande og inkluderande læringsmiljø i barnehagen der alle born kan styrkast til å meistre utfordringar.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (barnehagelærar, førskulelærar, pedagogisk leiar eller tilsvarande).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
I undervisninga vert det nytta varierte lærings-og arbeidsformer som førelesningar, arbeid individuelt og i gruppe, praksis og studietur / alternativ studietur. Emnet inneheld 5 dagar rettleia praksis i barnehage.
Det inngår ein studietur over fleire dagar til ein stad med tilknyting til mangfaldsarbeid på ulike plan, og studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport og overnatting. Det blir lagt til rette for eit likeverdig tilbod gjennom ein alternativ studietur, for dei som ikkje kan delta på studieturen. Studieturen vert gjennomført med atterhald om at det er påmeldt nok studentar.
Aktuelle yrke og vidare studium