Vidareutdanning (masternivå)

Lese- og skrivekunne

Deltid, Samlingar

Emnet tek for seg lese- og skrivekunne og korleis ein kan arbeide med  utvikling av djupneforståing for ulike elevgrupper i grunnskulen. Sentrale studiefelt vil mellom anna vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne i bokmål og nynorsk og leseforståing og lesestrategi. Vidare vil forsking på lese- og skriveopplæring, lesing og skriving i eit begynnarperspektiv, i eit vidareopplæringsperspektiv og i eit andrespråksperspektiv vere viktige tema i undervisninga.

Stengt for søking

Søknadskode : 4390

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Studieinnhald

Les meir om masteremnet her

Opptakskrav

Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane. Til spesialiseringa i norsk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget norsk og minst karakteren C (2,8) i faget. Til spesialiseringa i matematikk er eit tilleggskrav at søkjaren må ha minst 60 studiepoeng i faget matematikk og minst karakteren C (2,8) i faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert med fem samlingar av to dagar. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Aktuelle yrke og vidare studium

Lese- og skrivekunne er ein del av Master i Undervisning og læring. Dei som fullfører emnet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får emnet automatisk godskrive i graden.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Wenke Mork Rogne