Leiing og åtferd
Vidareutdanning (masternivå)
Kva er sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule? Kva konsekvensar har dette for læringsmiljøet?
Våren 2020 kan du ta 15 studiepoeng i emnet Leiing og åtferd ved Høgskulen i Volda.
- Deltid, Heiltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane.
Studieinnhald
Emnet set søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensa dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing. Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid inngår også i dette.
Leiing og åtferd inngår i masterprogrammet Undervisning og læring, men kan takast som sjølvstendig emne.
Samlingstidspunkt finn de her.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
- Deltid, Heiltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Fullført og bestått lærarutdanning (førskulelærar, allmennlærar, faglærar med PPU, grunnskulelærar) eller fullført og bestått dei tre første åra i grunnskulelærarutdanningane.
Søknadskode : 4318