Vidareutdanning (bachelornivå)

Læringsleiing for yrkesfaglærarar

Deltid

Den yrkesfaglege læraren møter ei mangfaldig elevgruppe, både fagleg, kulturelt og sosialt, og dette stiller store krav til læraren som læringsleiar. Korleis kan læraren kan leggje til rette for eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod for elevar på yrkesfaglege studieprogram? Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten 2018 ei samlings- og nettbasert vidareutdanning, som legg til rette å kombinere jobb med studiar. 

Vidareutdanninga er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar». 

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 27.04.2018

Studieinnhald

Studiet vil særskilt fokusere på utvikling av rettleiings og- relasjonskompetanse, som grunnlag for å fremje læring. Det vil også bli lagt vekt på mangfaldet i elevane sine læreføresetnader, og korleis læraren gjennom metodevariasjon, tilpassing og tilrettelegging kan arbeide for å fremje trivsel, mestring og lærelyst. 

Studiet er bygd opp av fire like store modular og gir totalt 15 stp over eit år: 

  • Modul 1: Psykisk helse og psykososialt miljø (hausten 2018)
  • Modul 2: Læringsleiing med fokus på djupnelæring og rettleiing (hausten 2018)
  • Modul 3: Fleirkulturelt mangfald (våren 2019)
  • Modul 4: Metodevariasjon som verkty for tilpassa opplæring (hausten 2018)


 

Opptakskrav

Godkjend lærarutdanning (PPU eller yrkesfaglærar).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Kvar modul inneber to samlingar, ei på campus  i Volda og ei via internett (Adobe Connect). Det vil vere ulike faglærarar som underviser på kvar samling. Dette er for å nytte fagleg spisskompetanse og dekkje inn breidda i emnet. Det vil vere ein emneansvarleg som har det overordna ansvaret for studiet og som vil vere studentane og skulen sin kontaktperson gjennom studiet. Det er obligatorisk deltaking i all undervisning og arbeid i grupper på studiet. Dette gjeld også dei delane av studiet som går føre seg digitalt. 

Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon over relevante problemstillingar. I etterkant av kvar samling er det lagt opp til at studenten jobbar med arbeidskrav knytt til modulen. Arbeidskravet i modulen må vere godkjent for at studenten kan gå vidare til neste modul. 

Arbeidskrav

Arbeidskrav skal bidra til studenten sin refleksjon og læring. Gjennom arbeid med arbeidskrav vert det lagt til rette for at studentane vert aktive og får medansvar for eigen studieprogresjon. Arbeidskrava utarbeidast og leverast individuelt.  Det er totalt fire (4) arbeidskrav i studiet, knytt til kvar av dei fire modulane.  Det er tenkt ein progresjon i arbeidskrava, der studenten går frå å skrive ein rein fagtekst, til å reflektere over eiga rolle som rettleiar og læringsleiar. Til slutt skal studenten kunne planlegge, grunngje og gjennomføre eit nytt undervisningsopplegg, for å utvikle og forbetre eigen praksis. 

Samlingar hausten 2018:

  • Torsdag 5. september kl 16.00-20.00 (modul 1). Samling i Volda
  • Torsdag 13. september kl 16.00-18.00 (modul 1). Digital undervisning
  • Torsdag 1. november kl 16.00-20.00 (modul 2). Samling i Volda
  • Torsdag 8. november kl. 16.00-18.00 (modul 2). Digital undervisning