Vidareutdanning (bachelornivå)

Kunst og handverk

Deltid, Heiltid

Praktisk informasjon

STUDIESTART 

 

Tysdag 14.august

12:00

Offisiell studiestart for Høgskulen i Volda, mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset (utandørs).

12:45 (ca)

Etter den offisielle opninga vil det stå studentfadderar klare til å ta i mot nye studentar (Bachelor Kunst og Handverk 1. klasse, Årsstudium Kunst og Handverk og Vidareutdanning/deltid Kunst og Handverk). Dei vil guide dykk til teiknesalen ( 1. etasje i Nye Kaarstad). Her vil de møte faglærarar, seksjonsleiar og studieprogramleiar, og få litt informasjon om studie, emne og undervisningsoppstart.

 

Onsdag 15. august

11:00

Felles studiestart for Avdeling for kulturfag (AKF). Det vert servert gratis frukost for alle studentar tilhøyrande AKF i Kaarstadparken. Frukosten vert innandørs i Kaarstadhuset ved dårleg vær.

12.00-13.00

Praktisk informasjon/ føredrag for nye studentar, «Frå elev til student», i konsertsalen (underetasjen i Nye Kaarstad) ved Catarina Andersson og Hege Holmqvist Synnes.

 

OPPSTART AV UNDERVISNING

KOH131 Visuell kommunikasjon Tid: mandag 20.08. kl 09:15 Stad: Teiknesalen

KOH115 Tre - tradisjon og fornying Tid: mandag 20.08 kl 09:15 Stad: Treverkstaden

KOH116 Leire - handverk og funksjon Tid: onsdag 22.08 kl 09:15 Stad: Leireverkstaden

 

Detaljerte semesterplanar vil bli presenterte av emneansvarlege på desse dagane.

 

Hjarteleg velkomen!

 

Vidareutdanning i kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget.

Stengt for søking

Søknadskode : 4045

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Studieinnhald

Studiet skal gi forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv. Du kan kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i faget. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år, eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Sentralt i studiet står ditt praktiske arbeid med oppgåver som skal bidra til utvikling av eiga form- og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadene, møte med kunst- og formkultur, og refleksjon kring eige og andre sitt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i Bachelor i kunst og handverk eller i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda. Det kan også takast som frittståande vidareutdanning. 

Kontakt

Åshild Sævik ashs@hivolda.no

Studieplan

Kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust

Studieprogram: 
Kunst og handverk vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter ønskje.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar: 

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Generell kompetanse: 

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet skal setjast saman av 2 emne à 15 studiepoeng etter studenten sine eigne val (sjå under overskrifta Valfrie emne).

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

Navn: 
Vidareutdanning kunst og handverk - oppstart haust
Kostnader: 

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna: 
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Åshild Sævik