Vidareutdanning (bachelornivå)

Kunst og handverk

Deltid, Heiltid

Praktisk informasjon

VELKOMNE TIL NYTT SEMESTER

Her finn du ein oversikt over når og kvar dei ulike emna startar opp, og kva vekedagar emna vil gå på.

Nærare info vil de få i møte med emneansvarlege og i dei respektive Canvasromma så snart desse er publiserte. Hugs å lese gjennom emneplanane for emna du skal ta! Dei finn du her: https://www.hivolda.no/emner/2019/V%C3%A5r

 

1.kl Bachelor/ Årsstudium/ Vidareutdanning (deltid):

 

KOH134 FUNKSJONELL DESIGN:

Oppstart tysdag 08.01. kl. 09:15 i teiknesalen. Emnet går: tysdagar (hovuddag) og fredagar

 

KOH138 FAGDIDAKTIKK, KUNST- OG FORMKULTUR:

Oppstart fredag 11.01 kl. 09:15 teiknesalen. Emnet går: tysdagar og fredagar (hovuddag)

 

2. kl Bachelor:

 

KOH132 ARKITEKTUR I SKULEN:

Oppstart måndag 07.01 kl. 09:15 i teiknesalen. Emnet går: måndagar og onsdagar

 

KOH204 OBJEKT I ROM

Oppstart tysdag 08.01. kl. 09:15 i mellomrommet. Emnet går tysdagar og fredagar.

NB: Pga. rommangel vil det fyrste veka bli undervisning tysdag (mellomrommet) og torsdag (tekstilrommet).

 

3. kl Bachelor:

 

KOH202 BACHELOROPPGÅVE I KUNST OG HANDVERK

Oppstart torsdag 10.01 kl. 09:15 i teiknesalen ved Karen. Kl. 10:15 Fellesførelesing AKF: Vitskapsteori. Emnet går torsdagar og fredagar.

 

KOH139 ENTREPRENØRSKAP I KREATIVE NÆRINGAR

Sjå eigen informasjon her.

 

Velkomne til ny runde!

 

Vidareutdanning i kunst og handverk har i hovudsak ei praktisk tilnærming og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget.

Stengt for søking

Søknadskode : 4045

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Studieinnhald

Studiet skal gi forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt, didaktisk og utviklingsmessig perspektiv. Du kan kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i faget. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år, eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Sentralt i studiet står ditt praktiske arbeid med oppgåver som skal bidra til utvikling av eiga form- og uttrykksevne. Undervisninga vil på alle nivå veksle mellom teori og praktisk arbeid i verkstadene, møte med kunst- og formkultur, og refleksjon kring eige og andre sitt arbeid. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan inngå i Bachelor i kunst og handverk eller i andre bachelorgradar ved Høgskulen i Volda. Det kan også takast som frittståande vidareutdanning. 

Kontakt

Åshild Sævik ashs@hivolda.no

Studieplan

Kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust

Studieprogram: 
Kunst og handverk vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter ønskje.

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar: 

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Generell kompetanse: 

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet skal setjast saman av 2 emne à 15 studiepoeng etter studenten sine eigne val (sjå under overskrifta Valfrie emne).

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

Navn: 
Vidareutdanning kunst og handverk - oppstart haust
Kostnader: 

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna: 
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg: 
Åshild Sævik