Årsstudium

Kunst og handverk

Heiltid

Praktisk informasjon

STUDIESTART

 

Tysdag 14.august

12:00

Offisiell studiestart for Høgskulen i Volda, mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset (utandørs).

12:45 (ca)

Etter den offisielle opninga vil det stå studentfadderar klare til å ta i mot nye studentar (Bachelor Kunst og Handverk 1. klasse, Årsstudium Kunst og Handverk og Vidareutdanning/deltid Kunst og Handverk). Dei vil guide dykk til teiknesalen ( 1. etasje i Nye Kaarstad). Her vil de møte faglærarar, seksjonsleiar og studieprogramleiar, og få litt informasjon om studie, emne og undervisningsoppstart, før fadderane tek dykk med vidare til fadderarrangement.

 

Onsdag 15. august

11:00

Felles studiestart for Avdeling for kulturfag (AKF). Det vert servert gratis frukost for alle studentar tilhøyrande AKF i Kaarstadparken. Frukosten vert innandørs i Kaarstadhuset ved dårleg vær.

12.00-13.00

Praktisk informasjon/ føredrag for nye studentar, «Frå elev til student», i konsertsalen (underetasjen i Nye Kaarstad) ved Catarina Andersson og Hege Holmqvist Synnes.

 

OPPSTART AV UNDERVISNING

KOH131 Visuell kommunikasjon Tid: mandag 20.08. kl 09:15 Stad: Teiknesalen

KOH133 Kunst- skaping og formidling Tid: tysdag 21.08. kl 09:15 Stad: Teiknesalen

 

Detaljerte semesterplanar vil bli presenterte av emneansvarlege på desse dagane.

 

Hjarteleg velkomen!

 

 

Årsstudium i Kunst og handverk gir deg grunnleggande innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor mange ulike materialområde. Studiet har som mål å skape samanheng mellom deg som student i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. 

Stengt for søking

Søknadskode : 223 630

Innblikk

Ingeborg Eikenæs

Som student på kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Utveksling i Australia - Hopper i fallskjerm

Utveksling i Australia

Vi kjører forbi skilt hvor det står «Careful, Koalas crossing», og det begynner å gå opp for oss at vi faktisk er kommet til Australia. Vi vet ikke hvor vi skal bo og har ikke peiling hvor vi skal sove i natt.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Som student ved Kunst og handverk studiet, vil du få innføring i visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Du lærer om ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar. Studiet gir deg mogelegheit til å jobbe med eigne idear og prosjekt, og dannar grunnlag for undervisning i kunst, design og handverk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir fagleg og didaktisk kompetanse som er relevant for arbeid i skulesektoren eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Det kan inngå i og er identisk med første året i bachelor i Kunst og handverk, og gir grunnlag for opptak til Kunst og handverk fordjupingsstudium.

Kontakt

Åshild Sævik ashs@hivolda.no

Studieplan

Kunst og handverk (årsstudium)

Studieprogram: 
Kunst og handverk årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Årsstudiet i Kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom studenten i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Årsstudiet kan påbyggjast til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i Kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein i tillegg ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp).

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar: 

Studenten

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Generell kompetanse: 

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studieprogrammet er bygd opp av 4 obligatoriske emne à 15 studiepoeng.

Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar, frå andre høgskular og universitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

 

Kostnader: 

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna: 
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Åshild Sævik