Bachelorgrad

Kunst og handverk

Heiltid

Praktisk informasjon

STUDIESTART

 

Tysdag 14.august

12:00

Offisiell studiestart for Høgskulen i Volda, mellom Berte Kanutte-huset og Synnøve Riste-huset (utandørs).

12:45 (ca)

Etter den offisielle opninga vil det stå studentfadderar klare til å ta i mot nye studentar (Bachelor Kunst og Handverk 1. klasse, Årsstudium Kunst og Handverk og Vidareutdanning/deltid Kunst og Handverk). Dei vil guide dykk til teiknesalen ( 1. etasje i Nye Kaarstad). Her vil de møte faglærarar, seksjonsleiar og studieprogramleiar, og få litt informasjon om studie, emne og undervisningsoppstart, før fadderane tek dykk med vidare til fadderarrangement.

 

Onsdag 15. august

11:00

Felles studiestart for Avdeling for kulturfag (AKF). Det vert servert gratis frukost for alle studentar tilhøyrande AKF i Kaarstadparken. Frukosten vert innandørs i Kaarstadhuset ved dårleg vær.

12.00-13.00

Praktisk informasjon/ føredrag for nye studentar, «Frå elev til student», i konsertsalen (underetasjen i Nye Kaarstad) ved Catarina Andersson og Hege Holmqvist Synnes.

 

OPPSTART AV UNDERVISNING

KOH131 Visuell kommunikasjon Tid: mandag 20.08. kl 09:15 Stad: Teiknesalen

KOH133 Kunst- skaping og formidling Tid: tysdag 21.08. kl 09:15 Stad: Teiknesalen

KOH115 Tre - tradisjon og fornying Tid: mandag 20.08 kl 09:15 Stad: Treverkstaden

KOH116 Leire - handverk og funksjon Tid: onsdag 22.08 kl 09:15 Stad: Leireverkstaden

KOH203 Visuell kommunikasjon II Tid: torsdag 23.08 kl 09:15 Stad: Teiknesalen

 

Detaljerte semesterplanar vil bli presenterte av emneansvarlege på desse dagane. 

2. og 3. klasse kan etterkvart også finne informasjon i Canvas.

 

Til nye og gamle studentar -  hjarteleg velkomne!

 

Bachelor i Kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Det vert lagt vekt på å gi deg innsikt og kunnskap for å kunne realisere dine eigne idear og utøve og formidle kunst og kultur. I følge ferske tal frå Studiebarometeret har Høgskulen i Volda landets mest fornøgde studentar på kunst og handverk.

Stengt for søking

Søknadskode : 223 472

Innblikk

Ingeborg Eikenæs

Som student på kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Utveksling i Australia - Hopper i fallskjerm

Utveksling i Australia

Vi kjører forbi skilt hvor det står «Careful, Koalas crossing», og det begynner å gå opp for oss at vi faktisk er kommet til Australia. Vi vet ikke hvor vi skal bo og har ikke peiling hvor vi skal sove i natt.

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Ved Høgskulen i Volda møter du eit solid fagmiljø og godt utstyrte verkstadar. Studiet skal gi deg kompetanse og praktisk erfaring med teknikkar innanfor ulike materiale som er relevante i skule, kulturskule eller andre samfunnsinstitusjonar. Tre, tekstil, leire, metall, grafikk, digitale verktøy, maling, teikning og toving er noko av det du vil jobbe med i studiet. Di eiga kreative utvikling og evna til å leggje til rette for læring står sentralt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Internasjonalisering

Som student ved bachelor i Kunst og handverk kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia og USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. I tillegg er det fleire studiereiser i løpet av studietida. Studentar får prosessevaluering i arbeidsøktene og i presentasjonssituasjonar.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein bachelor i Kunst og handverk er du mellom anna kvalifisert for å jobbe i kulturskule, med formidlingsarbeid i museum og galleri eller med kulturarbeid i kommunar. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Kontakt

Åshild Sævik ashs@hivolda.no

Studieplan

Kunst og handverk (bachelor)

Studieprogram: 
Bachelorgradsstudium i kunst og handverk
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studieprogrammet Bachelorgrad i Kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eigen aktivitet og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kunst- og formkultur er berande innhald gjennom alle tre åra. Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunst- og designfaglege utdanningar og masterprogram. Høgskulen på Vestlandet (avd. Stord) sitt masterprogram Kreative fag og læreprosessar (fagprofil: Kunst og handverk) er anbefalt masterutdanning for dette studieprogrammet. For å få formell undervisningskompetanse for grunn- og vidaregåande skule, må ein i tillegg ha fullført eit praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp).

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar: 

Studenten

  • har inngåande kunnskap om materiale, teknikkar, og verkty knytt til fagområdet design, kunst og handverk
  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal kunst og formkultur
  • har inngåande kunnskap om visuell kommunikasjon i vid tyding
  • har inngåande kunnskap om idèutvikling
  • har kjennskap til faget som skule-, kultur- og forskingsfag
  • har kunnskap om gjenbruk og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og kjennskap til gjeldande planverk for grunn- og vidaregåande skule
  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar, gjennom praktisk arbeid og teori
  • har kunnskap om fagdidaktikk i kunst- og handverk
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan nytte teknikkar, verkty og materialar på ein tilsikta måte
  • kan nytte og vurdere kunst- og formkultur som referanse for eige skapande arbeid, og i formidlingssituasjonar for barn og unge
  • kan kommunisere gjennom fysiske og visuelle produkt, bestemte bodskapar eller funksjonar
  • kan utvikle kreative produksjonar ved hjelp av kritisk bruk av problemløysingsmetodar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan nytte faghistoria som referanse for gjeldande planverk for skulen, og vurdere faget sin verdi i eit framtidsperspektiv
  • kan leggje til rette for estetiske opplevingar gjennom ulike typar aktivitetar og presentasjonar
  • kan nytte teori om estetiske læringsprosessar i relevante samanhengar
  • kan nytte fagdidaktisk teori og erfaring i relevante samanhengar
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
  • kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og formidling
  • kan reflektere over relevante HMS- tiltak knytt til fagområde, materialar og verkstadar
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Organisering og arbeidsmåtar: 

Bachelorprogrammet går over 3 år og utgjer 180 studiepoeng:

75 av studiepoenga er obligatoriske emne (alle emna frå 1. studieår (60 stp.) + bacheloroppgåva 6. semester, 3. studieår). Studenten må i tillegg velje eitt av to valfrie emne på 200-nivå (Objekt i rom eller Visuell kommunikasjon II).

Det er høve til å velje eit semester hos internasjonal utdanningsinstitusjon, i haustsemesteret 3. studieår (sjå: https://www.hivolda.no/utveksling).

Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Studentane må pårekne kjøp av enkelte reiskapar (utstyrsliste blir delt ut ved semesterstart).

Internasjonalisering: 

HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.

Kostnader: 

Studentane må betale ei materialavgift. Denne dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen. 

Anna: 
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. Det er forventa grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Åshild Sævik