Kompetanse for kvalitet

Kunst og handverk i framtidsskulen 1.-10. årssteg

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Praktisk informasjon

Kunst og handverk i framtidsskulen 1- 10, er eit nett- og samlingsbasert vidareutdanningsstudium med to samlingar pr. semester. Tilbodet er sett saman av 2 emne à 15 studiepoeng. Studenten gjennomfører eitt emne pr. semester:

 

HAUST 2019:

KOH1-110KFK Kunst og handverk 1-10, Trearbeid i framtidsskulen, Kompetanse for kvalitet

Samling 1: veke 36      Samling 2: veke 46

 

VÅR 2020:

KOH2-110KFK Kunst og handverk 1-10, Teikninga lever, Kompetanse for kvalitet.

Samling 1: veke 5      Samling 2: veke 19

 

SAMLINGSSTAD

Samlingane vil finne stad i Seksjon for design, kunst og handverk sine undervisningsrom og verkstadar i Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda. Sjå kart over campus og Kaarstadbygget her: https://use.mazemap.com/#v=1&left=6.0745199&right=6.0792830&top=62.1502124&bottom=62.1491253&zlevel=1&campusid=57

Det vert forventa at studenten har tilgong til treverkstad og teikneutstyr ved eigen skulen. Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- pr. emne til innkjøp av fellesmateriale til samlingane. I tillegg må studenten pårekne eventuelle innkjøp av litt eige utstyr/materiale. Til samlingane må studentane ta med kle som høver til praktisk arbeid i tre- og teikneverkstad, PC og kamera/ mobilkamera.

Det er viktig å betale semesteravgift, registere seg og få tilgong til lærings- og kommunikasjonsplattformen Canvas så tidleg som mogleg. All informasjon vil bli lagt inn her saman med oppgåver, førelesingar, nettleksjonar og andre digitale læringsressursar. Det kan vere nyttig å laste ned Canvas som app (for Apple og Android) på mobilen, og be om varsling når nye kunngjeringar eller fagleg innhald vert lagt til.

 

FLY OG OVERNATTING

Widerøe flyg til Ørsta/Volda lufthamn Hovden (10 min. med bil)

Volda Turisthotell (gangavstand 5 min.)

Volda Hostel og bed & breakfast (gangavstand 10. min.)

Hotell Ivar Aasen, Ørsta (15 min. med bil)

Ørsta Camping (15 min. med bil)

Airbnb Volda

 

PENSUM

Pensumliste vil bli kunngjort nærare studiestart. Pensumbøkene er til sals hos bokhandelen Akademika på campus, men ein kan ikkje garantere at dei ikkje er utselde her. Det sikraste er å bestille bøkene på nett, t.d. på akademika.no.

 

 

Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar som ønskjer å få teoretisk og fagdidaktisk kunnskap om og praktisk erfaring i kunst og handverk som skulefag. Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

 

 

 

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2019

Studieinnhald

Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, danne refleksjonsgrunnlag i studiet. Det vert lagt vekt på å gi studentane profesjonsfagleg digital kompetanse.

Opptakskrav

Praktiserande lærar med fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstadane, erfaring i bruk av verktøy og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og prosessar, som står sentralt i kunst og handverksfaget. I tillegg til samlingane er det lagt opp til eitt nettmøte pr. veke.

Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir etterspurd kompetanse i grunnskulen.

Kontakt

Fagleg kontaktperson: Åshild Sævik

Studieplan

Kunst og handverk i framtidsskulen 1- 10, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Kunst og handverk i framtidsskulen 1-10, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Godkjend grunnskulelærarutdanning

Om studiet

Kunst og handverk i framtidsskulen er eit vidareutdanningsstudie for grunnskulelærarar på 1.-10. trinn.

Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolle som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.

Faget i eit notids- og framtidsperspektiv skaper ramme om studietilbodet. Programmet har som mål å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentene får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstedane. Erfaringar frå studenten sin undervisningskvardag vil inngå i heile studieforløpet.

 

Nasjonale føringar

Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1 - 7: https://www.hiof.no/lu/studier/praksis/glu-maglu/nasj-retningslinjer-mag...

Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 5 -10: https://www.hiof.no/lu/studier/praksis/glu-maglu/nasj-retningslinjer-mag...

Høyringsutkast Fagfornyinga: https://hoering.udir.no/Hoering/v2/283?notatId=546

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulefaget Kunst og handverk sine kjerneelement knytt til teikning og trearbeid
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
  • har kjennskap til faget si plassering i den digitale skulekvardagen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan velje høvelege verkty, teknikkar og materiale innan teikning og trearbeid
  • kan bruke kunst- og formkultur som utgangspunkt for eige og elevar sitt skapande arbeid 
  • kan reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
  • kan bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning
Generell kompetanse

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Tilbodet består av 2 emne à 15 studiepoeng. Studenten gjennomfører eitt emne pr. semester. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studentane si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar blir vektlagt. 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

 

 

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyr- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa at studenten har eigen bærbar PC og grunnkompetanse i bruk av digitale verkty (epost, word, powerpoint osb).

Praksis

Studenten må vere praktiserande lærar, og såleis kunne nytte eigen skulepraksis i faget, som refleksjonsgrunnlag i studiet.

Kostnader

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte material. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Åshild Sævik