Kompetanse for kvalitet

Kunst og handverk 1, 1.-10. årstrinn, vidareutdanning for lærarar (Kompetanse for kvalitet)

Deltid, Nettstudium, Samlingar

Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar som ønskjer å få teoretisk og fagdidaktisk kunnskap, samt praktisk erfaring i kunst og handverk som skulefag. Arbeidsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studenten sin eigen praksis.

Studiet er ein del av "Kompetanse for kvalitet", Kunnskapsdepartementet sitt program for vidareutdanning av lærarar.

Stengt for søking

Søknadskode : 4204

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust

Studieinnhald

Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, danne refleksjonsgrunnlag i studiet. Det vert lagt vekt på å gi studentane profesjonsfagleg digital kompetanse.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstadane, erfaring i bruk av verktøy og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og prosessar, som står sentralt i kunst og handverksfaget. I tillegg til samlingane er det lagt opp til eitt nettmøte pr. veke.

Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir etterspurd kompetanse i grunnskulen.

Kontakt

Fagleg kontaktperson: Janne Heggvoll +47 942 76 996 

 

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

VELKOMEN SOM VIDAREUTDANNINGSSTUDENT I DESIGN, KUNST OG HANDVERK!

Hausten 2020 ser vi fram til å møte dykk i emnet Trearbeid i framtidsskulen: https://www.hivolda.no/node/30028/7799

Det er planlagt to samlingar i Volda i løpet av semesteret: veke 36 og 46. Begge samlingane tek til etter lunch mandag, og vert avslutta litt over lunch fredag.

Nettleksjonane vert lagde ut i Canvas, og studentane kan såleis arbeide med desse når ein sjølv ynskjer.

Det vert tilbod om ein møtetime via chat stort sett kvar veke. Møta vil finne stad etter klokka 14.00 ein vekedag, og det er frivilleg å ta del.

Meir info om studiet finn du i studieplanen her: https://www.hivolda.no/studietilbod/kunst-og-handverk-1-1-10-arstrinn/haust

Velkomne til oss!

 

 

https://www.hivolda.no/node/30028/7799

 

Studieplan

Kunst og handverk 1 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Kunst og handverk 1 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Godkjend lærarutdanning

Om studiet

Kunst og handverk i framtidsskulen er eit vidareutdanningsstudie for grunnskulelærarar på 1.-10. trinn.

Studiet skal utvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk, vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolle som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.

Faget i eit notids- og framtidsperspektiv skaper ramme om studietilbodet. Programmet har som mål å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

Studiet er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil sikre at studentene får nødvendig undervisning i praktisk arbeid i verkstedane. Erfaringar frå studenten sin undervisningskvardag vil inngå i heile studieforløpet.

 

Nasjonale føringar

Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1 - 7: https://www.hiof.no/lu/studier/praksis/glu-maglu/nasj-retningslinjer-mag...

Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 5 -10: https://www.hiof.no/lu/studier/praksis/glu-maglu/nasj-retningslinjer-mag...

Høyringsutkast Fagfornyinga: https://hoering.udir.no/Hoering/v2/283?notatId=546

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulefaget Kunst og handverk sine kjerneelement knytt til teikning og trearbeid
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som grunnlag for refleksjon og undervisning
  • har kjennskap til faget si plassering i den digitale skulekvardagen
Ferdigheiter

Studenten

  • kan velje høvelege verkty, teknikkar og materiale innan teikning og trearbeid
  • kan bruke kunst- og formkultur som utgangspunkt for eige og elevar sitt skapande arbeid 
  • kan reflektere over eigen undervisningspraksis med utgangspunkt i fagteori og fagdidaktikk
  • kan bruke og vurdere tenlege digitale verkty i eiga undervisning
Generell kompetanse

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester ved Høgskulen i Volda. Tilbodet består av 2 emne à 15 studiepoeng. Studenten gjennomfører eitt emne pr. semester. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom teoretisk tilnærming, praktisk utøvande arbeid og didaktisk refleksjon knytt til studentane si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar blir vektlagt. 

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyr- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa at studenten har eigen bærbar PC og grunnkompetanse i bruk av digitale verkty (epost, word, powerpoint osb).

Praksis

Studenten må vere praktiserande lærar, og såleis kunne nytte eigen skulepraksis i faget som refleksjonsgrunnlag i studiet.

Kostnader

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne. Denne dekkjer felles innkjøpte material. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Ansvarleg
Åshild Sævik

Last ned studiet som PDF

Innblikk

Vidareutdanning i kunst og hadverk

Seksjon for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda startar frå hausten av andre runde vidareutdanning for lærarar gjennom ordninga Kompetanse for kvalitet (KFK). Ordninga har gode stipend og vikarordningar. Studiet er nettbasert med 4 spennande, sosiale og lærerike samlingar i våre verkstadar i Volda ila studieåret. Få eit innblikk i studiet her.