Vidareutdanning (bachelornivå)

Koding i skulen

Deltid, Nettstudium

Målgruppa for studiet er lærarar i grunnskulen og andre som skal undervise/rettleie i programmering.

Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3928

Info og frister

Varigheit 1 semester

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet fokuserer vi på ulike måtar å jobbe praktisk med koding (programmering) i grunnskulen, frå algoritmisk tenking utan digitale verktøy, via blokkprogrammering på nettbrett og PC, til tekstbasert programmering. Det vert også fokusert på korleis det digitale kan samhandle med det analoge, t.d. ved hjelp av mikrokontrollerar som Microbit eller Makey Makey. Les meir i emneplan her

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, øvingar og prosjektoppgåver. Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Synnøve Amdam