Bachelorgrad

Journalistikk, spesialisering avis/nett

Heiltid

Er du glad i å skrive og formidle? Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar, og vi utdannar journalistar til redaksjonar over heile landet! Med ein bachelor i Journalistikk og spesialisering inn mot avis og nett, får du ei brei innføring i moderne, digitalt basert journalistikk i papir- og nettmedia.

 

Closed for application

Søknadskode : 223 723

Innblikk

Handplukka til Ungdoms-OL

Handplukka til Ungdoms-OL

26 journaliststudentar frå Høgskulen i Volda er på plass i Lillehammer for å dekke Ungdoms-OL når startskotet for dei omfattande leikane går fredag.

Journalistikkstudenter til St. Petersburg for å samarbeide

Journalistikkstudenter til St. Petersburg for å samarbeide

Sju journalistikkstudenter fra Volda fikk kjenne litt på hvordan det er å være journalist i Russland da de besøkte St. Petersburg og jobbet sammen med studenter fra et universitet der.

Panama Papers

Panama papers

Samlet har 376 journalister fra hele verden funnet frem til elleve millioner dokumenter. Dokumenter som avslører salg av hemmelighold.

Praksis i Kollen Trude Furuly

Praksis i Kollen

Verdenseliten i skiskyting fikk kjørt seg under VM i Oslo. Det gjorde også studenter fra Høgskulen i Volda.

P3

Satsa alt på P3

Ho har vore P3-fan sidan kanalen kom på lufta i 1993. Alt som lita jente tok ho opp sekvensar frå sendingane og laga eigne program. No er Silje Therese Reiten Nordnes programleiar i P3morgen, med om lag 250 000 lyttarar kvar morgon.

Torbjørn og Karina

Traff blink i Volda

Karina Torberntsson (22) og Tormod Malvin Sæther (21) møttes for første gang da hun arbeidet i ungdomsredaksjonen i lokalavisa i Østfold og intervjuet ham. Nå er de samboere i Volda og har begge funnet et studie og en hverdag de stortrives med. 

Info og frister

Varigheit 6 semester (3 år)

Studiepoeng 180

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Bachelorutdanninga gir deg ei grundig innføring i journalistikk, slik den vert praktisert i moderne mediehus. Du får god trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Som journalist må du vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap, er det viktig å kjenne til media si rolle og funksjon i samfunnet, samt nyhendekriterium og nyhendekjelder. I løpet av studiet skal du kunne meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer – særleg innan avis og nett. Høgskulen i Volda legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn ute i bransjen, og undervisning i digital presentasjon blir basert på dei nyaste publiseringsprogramma.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Internasjonalisering

Delar av journalistikkutdanninga kan takast i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Danmark, Irland, Storbritannia eller Tyskland. Det er også mogleg å ha studieopphald ved dei andre nordiske journalistutdanningane.


 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga ved bachelor i Journalistikk med spesialisering på avis og nett, er organisert i ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver både enkeltvis og i grupper. Vi gir studentane trening i å bruke ulike analysemodellar. Arbeidet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Ved Høgskulen i Volda har du fire periodar med obligatorisk praksis.

I det siste semesteret blir studentane utplassert i attraktive praksisplassar ved ulike mediebedrifter, der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar. Mange som har studert journalistikk ved Høgskulen i Volda, har fått tilbod om jobb, der dei har hatt praksisutplassering.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein bachelor i Journalistikk opnar det seg mange jobbmoglegheiter. I tillegg til å vere journalist og kunne jobbe i ulike mediehus og redaksjonar, kan du også jobbe i kommunikasjonsbyrå, samt andre offentlege eller private verksemder. Kunnskapsrike og kreative journalistar er etterspurd innanfor mange bransjar. Bachelorgraden dannar også grunnlag for opptak til relevante mastergradar, som til dømes Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Jan Ytrehorn

Studieplan

Journalistikk avis/nett

Studieprogram: 
Journalistikk, spesialisering avis/nett
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse. Kvote for søkjarar med relevant journalistisk praksis. Sjå Samordna opptak.

Om studiet: 

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar og utdannar journalistar for alle plattformar. Bachelor-studiet i avis/nett-journalistikk gir brei innføring i moderne, digitalt basert journalistikk for nettmedier og papiravis. Dei store mediehusa har i dag integrerte redaksjonar der journalistikk blir produsert på alle plattformer. Studiet gir derfor kunnskap om både lyd-, bilete- og tv-teknikk.  Høgskulen legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn ute i bransjen og å undervise i digital presentasjon basert på dei nyaste publiseringsprogramma.

Studiet skal
- gi studentane systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag.
- gi kunnskap om ulike medium, deira rolle og oppgåver.
- gjere studentane kjende med forsking om massemedia, journalistikk og journalistisk etikk.
- gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål.
- gi studentane ei bevisst haldning til tale-, bilde- og skriftspråket som sosiale fenomen og kommunikasjonsmiddel.
- utvikle studentane sine evner til samarbeid.

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk med ulik bakgrunn. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si. Studiet inneheld desse elementa:

  • Journalistiske idear og nyhendevurdering

Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende.

  • Journalistisk undersøking

Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje. Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet er å setje studentane i stand til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk. Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett. Undervisninga blir gitt som forelesingar og obligatoriske oppgåver. Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset.

  • Mediespråk og formidling

Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk. Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga. Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli i stand til å dyrke fram ein personleg stil. Undervisninga startar med innføring i sjangerkonvensjonar for mediespråk, særleg knytt til nyhendeformidling. Seinare tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemt språkbruk, avhengig av sjanger/format. Ein kjem òg inn på språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i avis og nett.

  • Medieetikk

Gjennom forelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga. Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern. Gjennom utdanninga skal studentane utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

 - har brei kunnskap om grunnleggande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan journalistikkfaget med særleg vekt på moderne, digitalt basert formidling.
 - er oppdatert på sentrale forskings- og utviklingsarbeid innan journalistikk, massemedia og journalistisk etikk.
 - har kunnskap om journalistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
 - har kunnskap om ulike medium, deira rolle og funksjonar, og om aktuelle digitale endringsprosessar på mediefeltet.
 - har kunnskap om tale-, bilde- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel.
 - har innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål.

Ferdigheiter: 

 - kan bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val. 
 - kan reflektere over eigen fagleg utføring og justere denne.
 - kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over journalistiske problemstillingar. 
 - kan meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer, særleg innafor avis og nett. 
 - kan samarbeide om journalistiske prosjekt og ha kollektivt ansvar.
 - kan arbeide sjølvstendig som journalist.

Generell kompetanse: 

 - har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
 - kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningsliner.
 - kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
 - kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
 - kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar.
 - kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og framføre eit velformulert resonnement.

Organisering og arbeidsmåtar: 

Bachelorgraden i journalistikk, spesialisering avis/nett, ved Høgskulen i Volda er sett saman av obligatoriske og valfrie emne og er på 180 studiepoeng. Dei obligatoriske emna utgjer 165 studiepoeng og må takast i fastsett rekkefølgje.

Studentane får tilbod om utdanningssamtale i første semester. I utdanningsplanen inngår valfrie emne på minimum 15 studiepoeng. Den valfrie delen er lagt til tredje semester og emna kan takast på avdelinga eller ved andre avdelingar på høgskulen (sjå emnetabell for valfrie emne frå avdelinga lenger ned). Dei kan og takast ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet. Dersom ein tek det valfrie semesteret ved ein samarbeidsinstitusjon i utlandet er det krav om å ta 30 studiepoeng. Emnevala må godkjennast av avdelinga og alle studentane vil få rådgjeving om gjennomføring av studiet i utdanningssamtalen. Dei ulike emna i journalistikk må takast i stigande rekkefølgje.

Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

Praksis: 

Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I den første og tredje perioden er det intern praksis. Studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga både online og print. I den andre perioden kan studentane velje mellom to emne som er prosjektretta. I siste semester blir studentane som hovudregel utplassert i riksdekkande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske.

I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studenten må følgje oppsette vaktplanar og gjere dei oppgåver dei blir tildelte. Studentane skal óg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikkemna og medievitskapsemna, sjå oversikt i emnetabellen.

Internasjonalisering: 

Bachelorstudia i journalistikk har mange samarbeidspartnarar i mange land og mange studentar vel å studere i utlandet  det valfrie tredje semster. Det er då høve til å studere emne som kan vere relevant for journalistisk arbeid. Det er krav om å ta 15 studiepoeng valfrie emne. Men dersom ein studerer hos partneruniversitet i utlandet er det krav om å ta 30 studiepoeng det semestret. 

 

Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Jan Ytrehorn