Fordjupingsstudium

Idrett

Heiltid

I Idrett fordjupingsstudium vert det lagt vekt på å gi studentane gode idrettsopplevingar, lærerike utfordringar og spennande fysisk aktivitet i utvalde idrettar. Du får tilgang til moderne fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. 

Følg oss på Facebook

Stengt for søking

Søknadskode : 4241

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Studieinnhald

Studiet er sett saman av desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Prestasjonsutvikling
  • Helse
  • Skiutdanning
  • Bacheloroppgåve

Den utfordrande sunnmørsnaturen er ei naturleg ramme rundt dei ulike uteaktivitetane.

Opptakskrav

60 stp idrett årsstudium eller tilsvarande

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, laboratoriearbeid, praktisk arbeid i ulike miljø, eigentrening, ekskursjonar og kurs. Det meste av undervisninga vi gå føre seg ved høgskulen, men skiundervisninga vert lagd til ulike skisenter. Studentane skal gjennomføre praksis innan skiidrettane alpint og telemark.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet er særleg relevant for deg som siktar deg inn mot arbeid i ulike skuleslag, men også for andre felt der det vert drive fysisk aktivitet som til dømes i frivillig organisert og uorganisert idrett, vaksenopplæring og helseføretak. Det gir eit godt grunnlag for undervisning og trenarverksemd innanfor idrett. Utdanninga kvalifiserer for vidare studium i idrett, kroppsøving og helse. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Kjetil Høydal

Studieplan

Idrett fordjupning

Studieprogram: 
Idrett fordjupning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

Idrett årsstudium grunnivå, eller tilsvarande.

Om studiet: 

Studiet er obligatorisk fordjuping i Bacholor idrett. Fordjupinga gjer kandidatane godt kvalifiserte for arbeid i frivillig, organisert og uorganisert idrett og anna relevant arbeid i helsesektoren, treningssenterbransjen. Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i idrett/kroppsøving. For å få undervisningskompetanse i skuleverket må studenten i tillegg ha pedagogiske kompetanse (PPU). 

Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Kandidaten

  • har kunnskap, erfaring og ferdigheit innan ski som kroppsøvingsaktivitet og som idrettsaktivitet
  • har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverktøy og metodar innan prestasjonsutvikling i idrett og fysisk aktivitet i førebyggande helsearbeid.
  • har kunnskap om grunnleggande vitskaplege retningslinjer og evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne, kunne problematisere, drøfte det systematisk, kritisk og balansert, samanfatte og konkludere
Ferdigheiter: 

Kandidaten

  • kan drive opplæring innan prestasjonsutvikling med vekt på tilrettelegging for trening av fysisk kapasitet, bevegelse og idrettspsykologi for individ på ulike nivå
  • kan drive opplæring innan ski som idrettsaktivitet og kroppsøvingsaktivitet
  • kan drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betyding for valet av ein fysisk aktiv livsstil
  • kan anvende forskningsbasert fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngitte val
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser aktuelle faglege problemstillingar og kan bruke relevante faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse: 

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
  • kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer som vert nytta i idrett.
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor idrett, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng.

IFL201 (haust)

IFL205 (haust)

IFL202 (vår)

IFL206(vår)

Undervisning i studiet varierer mellom førelesing, praktisk undervisning, laboratoriearbeid, ekskursjonar, innleveringar (individuelt og i grupper). Delar av studiet er obligatorisk. Dei delane som er obligatorisk vil gå fram av dei ulike emneplanane.

Vurderingsformer:

IFL201, individuell semesteroppgåve. Omfang ca 3500 ord, referanser og vedlegg kjem i tillegg , tretimer skriftleg eksamen i idrettspsykologi.

IFL205, munnleg eksamen (25 minutt) knytt til praksis.

IFL202, praktiske eksamen (ferdigheit i alpint vurdert gjennom to vekessamlingar på ski), sekstimers skiftleg eksamen.

IFL205, Alternativ1) Skriftleg oppgåve, normalt i grupper på 2-3. Alternativ 2) munnleg framlegging på 25 minutt og 15 minutt eksaminasjon.  

Navn: 
Idrett fordjupingsstudium
Praksis: 

Det vert stilt krav praksis knytt til IFL205 helse. Det vert stilt krav om praksis i alpint. Omfang går fram av emneplanane.

Kostnader: 

Materialavgift på alle emne, mellom 200 og 400 kroner. Sjå emneplanane.

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Anna: 
Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
Krav for å få godkjent studiet:Godkjent alle emne, godkjent praksis og betalt materialavgift.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg: 
Kjetil Høydal, kjetilho@hivolda.no