Idrett og kroppsøving

Bachelorgrad

Studieprogrammett kvalifiserer for arbeid innanfor idrett- og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, både for barn og vaksne.

Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt det finaste klasseromet i verda: Den praktfulle sunnmørsnaturen.

Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som gir deg undervisningskompetanse i skulen. Denne ordninga vil truleg bli vidareført til 2028.

Om du ønskjer å ta ein mastergrad, har Høgskulen i Volda under planlegging Master i natur, kultur og sosial berekraft. Studiet har fokus på sosial berekraft og kva rolle praktisk/estetiske kulturfag og sosialt entreprenørskap kan ha i arbeidet for eit berekraftig samfunn.

Fullført mastergrad vil også kvalifisere for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og gi deg undervisningskompetanse i skulen.

Følg oss på Facebook og Instagram!

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Velkomen til digitalt ope hus på Idrett! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 

Siri, idrettsstudent på ski.

Idrettsstudent Siri Stranden føler seg så heldig som får halde på med det artigaste ho veit på skulen – idrett – og samtidig lære om teorien bak det.

Idrettsstudent Siri Stranden føler seg så heldig som får halde på med det artigaste ho veit på skulen – idrett – og samtidig lære om teorien bak det.

"På idrett har vi eit variert utval av praktisk undervisning og aktivitetar, og teoretisk undervisning som henge tett saman med det praktiske. Vi har dei kjekkaste og flinkaste lærarane som underviser oss i alt frå dans, fotball, handball, volleyball, basket, svømming, friidrett, turn, orientering og alpint, undervisningslære, treningslære, aktivitetslære, motorisk læring og mykje meir! Samt heilt utruleg mykje forskjellige typar leik og aktivitetar i sal!

Lærarane er så flinke til å kople teori og praksis saman og eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde å studere idrett! I tillegg så er klasse- og studiemiljøet heilt unikt når ein studerer eit praktisk studie. Ein treng absolutt ikkje å vere i god fysisk form eller drive med idrett for å gå Idrett og kroppsøving i Volda.

På fritida spelar eg volleyball for KFUM Volda og likar elles å bruke tida på tur eller trening. Om du er like glad i trening, tur, fjell og idrett som meg, så søk Høgskulen i Volda du også."

 

 

Praksis og utveksling i utlandet

Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga og arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett- og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med born og unge med spesielle behov.

Bachelor i idrett og kroppsøving gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet. 

Høgskulen i Volda tilbyr Master i natur, kultur og sosial berekraft. Studiet har fokus på sosial berekraft og kva rolle praktisk/estetiske kulturfag og sosialt entreprenørskap kan ha i arbeidet for eit berekraftig samfunn.

 

Pensum

Pensumlister til emne som startar hausten 2022:

IKF101 og IKF102

Studieplan

Idrett og kroppsøving - bachelor

Studieprogram: 
Idrett og kroppsøving - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Om studiet

Dette programmet gir deg kompetanse i kroppsøving og idrettsfag. Kompetansen kan nyttast til arbeid innan idrett og andre frivillige organisasjonar, og i den kommersielle treningsbransjen. Etter fullført bachelor kan du søke på masterutdanning om du ønsker vidare fagleg fordjuping. Med fullført mastergrad kan du vidare søke deg inn på Praktisk- pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer til å undervise i 5.-13. trinn. 

Bachelor i idrett og kroppsøving har minimum 180 studiepoeng i faget, med inntil 95 studiepoeng på fordjupingsnivå. Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved våre samarbeidande institusjonar internasjonalt. Ei mogleg utveksling ligg i 5. semester.

Første og andre året i bacheloren består av obligatoriske emne. Første året gir ei grunnleggjande innføring i idrett og kroppsøving. Kunnskap om treningslære, bevegelselære, idrett og samfunn, motorisk læring og undervisningslære er sentralt. Studentane får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning, samt reflektere rundt korles dette er eigna for å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for alle elevar. Den fagspesifikke kompetansen vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning. Andre året i bacheloren vil gi påbygging i idrett og kroppsøving og siktar seg inn mot prestasjonsutvikling, ernæring og fysisk aktivitet, ski og metode.

Tredje året i bacheloren har eit fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustsemesteret, og motivasjonspsykologi og bacheloroppgåve i vårsemesteret. Vårsemesteret er obligatorisk.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført bachelorutdanning i idrett og kroppsøving:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, didaktikk, analyseverkty og metodar innanfor kroppsøvings- og idrettsfaglege kompetanseområde
  • har fagkunnskap, didaktisk kunnskap, erfaringar og opplevingar knytt til dei ulike disiplinane innanfor fagfeltet idrett og kroppsøving
  • ha kunnskap om ernæring knytt til fysisk aktivitet
  • kan forklare bruk av fysisk aktivitet som helsefremjande aktivitet
  • har kunnskap om motivasjonsprosessar
  • kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
  • kan legge til rette for og gjennomføre helsefrejmmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på fysisk aktivitet
  • kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetoder i faget, faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan identifisere og analysere faglige utfordringar innanfor kroppsøving og idrett 
  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon i teori og praksis
  • presenterar problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg, digitalt og gjennom andre uttrykksformer
  • reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • formidlar og drøftar sentralt fagstoff
  • har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar. Det vekslar mellom forelesing, seminar, digitalt læringsarbeid, nettbasert undervisning, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø.

Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.

Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Idrett og kroppsøving - bachelor
Navn: 
Idrett og kroppsøving - bachelor
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Praksis

Bachelorstudiet har praksis på alle tre studieår. På første året er det instruksjonspraksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis. På andre året er praksis knytt til skiinstruksjon. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid. 

Internasjonalisering

Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidande institusjonar. Ta kontakt med studieprogramleiar for meir informasjon.

Kostnader

Materialavgift 400 kr pr. semester.

Ansvarleg
Tore Sørheim
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 485

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt