Vidareutdanning (bachelornivå)

Historie, opne emner

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Nettstudiet gir ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4026

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 45

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emne på 15 studiepoeng. Deltidsstudenten vel 1 emne i semesteret. Heiltidsstudenten vel 2 emne i semesteret. Du kan velje mellom desse emna:

Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m.skjer i e-læringsverktøyet Canvas. Det er difor ein føresetnad at studentane er fortruleg med internettbruk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. Studieplanane er under revisjon, og vil bli publisert i løpet av våren 2018.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet kan påbyggjast til årsstudium i Historie eller gå inn som valfri del i mange bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Ola Teige

Studieplan

Historie, opne emne, oppstart vår

Studieprogram: 
Historie, opne emne
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • grunnleggjande oversikt over ein lengre periode i norsk og internasjonal historie
  • visse kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne á 15-studiepoeng. Studenten vel sjølv kor mange av emna han/ho vil gjennomføre. Heiltidsstudenten vel to emne i semesteret. Deltidsstudenten vel eitt emne pr. semester.

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eige e-læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk i Canvas.

Navn: 
Historie, opne emne, oppstart vår
Emne2020 Vår2020 Haust
Heiltidsstudenten vel to emne i eit semester og eitt emne i eit anna. Deltidsstudenten vel eitt emne kvart semester.
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid.

Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Ansvarleg
Ola Teige, telf 70075499, e-post ola.teige@hivolda.no