Historie, opne emne
Vidareutdanning (bachelornivå)
Nettstudiet gir ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar.
- Deltid, Heiltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 45 studiepoeng
- Start haust vår
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
- Studieplan
Studieinnhald
Studiet er sett saman av emne på 15 studiepoeng. Deltidsstudenten vel 1 emne i semesteret. Heiltidsstudenten vel 2 emne i semesteret. Du kan velje mellom desse emna:
Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m.skjer i e-læringsverktøyet Canvas. Det er difor ein føresetnad at studentane er fortruleg med internettbruk.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. Studieplanane er under revisjon, og vil bli publisert i løpet av våren 2018.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet kan påbyggjast til årsstudium i Historie eller gå inn som valfri del i mange bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda.
Studieplan
Historie, opne emne på nett
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning:
Studenten skal ha
- grunnleggjande oversikt over ein lengre periode i norsk og internasjonal historie
- visse kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal kunne
- setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studiet er sett saman av tre emne á 15 studiepoeng. Studenten vel sjølv kor mange av emna han/ho vil gjennomføre. Heiltidsstudenten vel to emne i eit semester og eitt i det andre. Deltidsstudenten vel eitt emne pr. semester.
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eige e-læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk i Canvas.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|
Heiltidsstudenten vel to emne kvart semester. Deltidsstudenten vel eitt emne kvart semester. | 15 | 15 |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum | 15 | 15 |
Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
- Deltid, Heiltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 45 studiepoeng
- Start haust vår
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
- Studieplan
Søknadskode : 4026