Fordjupingsstudium

Historie fordjupning, opne emner

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Fordjupingsstudiet tek mellom anna opp globalhistoriske problemstillingar, den norske kystkulturen og spørsmål kring nasjonale og regionale identitetar i Spania. Studantane skal få kunnskap om dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda, i tillegg til å få innsikt i lokalhistoriefeltet.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4226

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 45

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emne på 15 studiepoeng. Deltidsstudenten vel 1 emne i semesteret. Heiltidsstudenten vel 2 emne i semesteret. Du kan velje mellom desse emna:

  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitetar, nasjonar, regionar (haust)
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Bacheloroppgåve

Opptakskrav

Årsstudium i historie eller samfunnsfag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle teoriemna vert gjennomført som nettstudium. Bacheloroppgåva må bygge på eit teoriemne. Studenten får tildelt ein rettleiar til arbeidet med bacheloroppgåva.  

Som regel tilbyr vi eit teoriemne pr. semester med forelesing, men då med føresetnad om at det melder seg minimum 8 studentar. Studiet er fleksibelt tilrettelagt og har få undervisningstimar i veka. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen er på dette språket.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. Studieplanane er under revisjon, og vil bli publisert i løpet av våren 2018.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie fordjupingsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og –administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum), hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Fullførte 90 studiepoeng i historie kan innanfor ein bachelorgrad kvalifisere for opptak på master i Kulturmøte ved Høgskulen i Volda eller relevante mastergradar ved andre høgskular og universitet.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Grete Marry Brøste.

Praktisk informasjon

Båe emna vi tilbyr hausten 2018, HI208 Spania - identitetar, nasjonar, regionar og HI212 Kystkultur og kystsamfunn, går som nettstudium. HI208 går med forelesingar om det melder seg minimum 8 lokale studentar som vil møte.  Emna startar i veke 34-35. Meir informasjon kjem når vi ser påmeldinga.

Undervisningsstad

Eventuell stad for forelesing lokalt på HI208 kjem.

All undervisning, informasjon, utdeling og innlevering av oppgåver osv. foregår i e-læringsverktyet Canvas.

Annan informasjon

Oppbygging av studiet finn du studieplanen. Her finn du og lenke vidare til emne du kan velje i studiet. I emneplanane kan du lese om arbeidskrava, vurderingsforma ol.

Heiltidsstudenten vel båe emna dette semesteret, medan deltidsstudenten vel eit emne pr. semester. Med opptak på dette studiet kan ein og skrive bacheloroppgåve (HI210). Studenten bør først ha gjennomført fordjupingsemnet som oppgåva skal bygge på.

Dersom du har lyst til å starte med pensumlesinga tilrår vi at du startar med desse:

  • ​HI208: Teofilio Ruiz. Spanish Societies, 1400-1600.
  • HI212: Fish, Coast and Communities - A History of Norway, Nils Kolle m.fl., Fagbokforlaget 2017.

Du vil finne meir informasjon i Canvas etter at du har registrert deg på emne i Studentweb etter 1. august.

Studieplan

Historie fordjuping, studiestart vår

Studieprogram: 
Historie fordjupningsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Årsstudium i historie eller samfunnsfag

Om studiet: 

Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande studie av moderniseringsprosessar i norske kystsamfunn kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. (emna HI201 og HI212).

Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).

Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.

Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har gjennom eitt eller to fordjupingsemne gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til emnet/ emna, og kjenner dessutan til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna.
  • har grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking.

Dersom studenten har årsstudium i historie frå HVO, har han/ ho òg:

  • brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kan sjå samanhengar og trekke samanlikningar mellom desse.
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
  • grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
  • innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse: 

Studenten

  • har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • har evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
  • kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar: 

Historie fordjupningsstudium er sett saman av to emne à 15 studiepoeng. Studenten vel to av emna som ligg i emnetabellen: Studiet kan takast på heiltid eller deltid, og det er opptak til studiet både i haust- og vårsemesteret.

Navn: 
Historie fordjupning studiestart vår
Anna: 
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstudium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer førelesingar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Dersom du vil nytte studiet til ein fri bachelorgrad, må HI210 inngå som eitt av emna.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Harald Endre Tafjord, 70075074, haraldt@hivolda.no