Helsefremjande lokalsamfunn– Samhandling

Vidareutdanning (masternivå)

Emnet Helsefremjande lokalsamfunn– Samhandling er eit tverrfagleg og tverresektorielt emne, som skal gi kompetanse om samhandling mellom fag, sektorar og nivå, og der forståing av politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp er viktige perspektiv. Studiet gir kunnskap om reformer og program i offentleg sektor, om samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande lokalsamfunn og helse- og velferdstenester.

Les meir om emnet her

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    3-årig høgre utdanning

Studieinnhald

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Studiet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er sett saman av førelesingar, arbeid med oppgåver, presentasjonar og drøftingar i plenum.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

  • Samling 1: Veke 4, 2022 (tirsdag, onsdag, torsdag)
  • Samling 2: Veke 14, 2022 (tirsdag, onsdag, torsdag)
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    3-årig høgre utdanning

Løpande opptak

Søknadskode : 4393

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt