Helsefremjande lokalsamfunn - samhandling

Vidareutdanning (masternivå)

Behovet for tenester frå offentleg sektor er stort, samtidig som forventningane til kvalitet og effektiv ressursbruk aukar. Dette inneber at ein må tenke annleis om planlegging og utforming av tenester. Vidareutdanninga passar for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt.  Emnet Helsefremjande lokalsamfunn - samhandling vil også vere ei aktuell vidareutdanning for nyutdanna bachelorstudentar.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    180. studiepoeng

Studieinnhald

I studiet vert det lagt vekt på grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, og skal gi studentane kompetanse om korleis ein gjennom nytenking og samhandling kan utvikle heilskaplege tenester i offentleg sektor.

Sentrale tema:

  • Politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp
  • Reformer og program i offentleg sektor
  • Samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande nærmiljø og helse- og velferdstenester

Les meir i emneplanen:

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.), og med organisert undervisning tirsdag - fredag.

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er godkjend som valfritt emne både i Master i samfunnsplanlegging og leiing, og i Master i helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar vår 2020: veke 4 og veke 15. Begge samlingane er over tre dagar (tysdag-torsdag).

Oppmøtetid og stad kjem

Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas), der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar, og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.

I emneplanen kan du lese om arbeidskrav, vurderingsform ol.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start vår
  • Opptakskrav

    180. studiepoeng

Søk frå 1. november

Søknadskode : 4393

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt