Vidareutdanning (bachelornivå)

Fysisk planlegging og GIS (geografiske informasjonssystemet)

Deltid

Praktisk informasjon

Undervisninga er todelt med ei teoriøkt og ei labøkt kvar veke. I labøktene arbeider vi praktisk med GIS-øvingar. Øvingane dannar grunnlaget for tre arbeidskrav. Desse arbeidskrava inngår i ei mappe som vert vurdert til eksamen. Emnet er praktisk retta og gir ei kompetanse som er etterspurt i kommunane.

I det elektroniske klasserommet Canvas få du tilgang til lysarkseriar, labmanualar og andre ressursar som du kan lese når det passar deg. Det er ikkje obligatorisk oppmøte til undervisning, men studiet er utfordrande å gjennomføre dersom du ikkje kan ta del i øktene. Første undervisningsdag vert tysdag 27.08. 

Pensumliste for emnet er å finne i det digitale pensumsystemet Leganto

Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverkty.

Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og slik halde eit praksisnært fokus. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert masterstudium ved annan institusjon.

Søk studieplass!

Søknadskode : 3931

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.

Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga i emnet går over eit semester. Undervisninga er lagt opp med leksjonar, oppgåveinnlevering og kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. I tillegg til førelesingar er det ei økt på 4 t på datalab stort sett kvar veke der ein får hjelp til å gjennomføre praktiske øvingar. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med fagtekstar på omlag 1200 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:

Kjersti Straume