Friluftsliv

Årsstudium

Årsstudiet gir kompetanse i å undervise og rettleie i friluftsliv, og er svært relevant for lærarar og andre yrkesgrupper som vil arbeide med barn og unge.

Du får kunnskap om og allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve. 

Studiet kan godskrivast i Bachelor i Friluftsliv og naturguide.

Liste over personleg utstyr for studiet.

Følg oss på Facebook og Instagram

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Kunnskap om skred er ein viktig del av undervisninga til studentane på friluftsliv. Vi vart med til Standaleidet som byr på eit fantastisk læringsterreng.

For Sol Idland vart friluftsliv ein livsstil og karriere. Vi vart med vår tidlegare student på jobb i Odda der ho arbeidar for Trolltunga Active.

Mange kjenner Eilev Bjerkerud frå Farmen og Skal vi danse. Vi besøkte vår tidlegare friluftslivstudent på Norefjell der han blant anna driv med hytteservice. 

Velkomen til digitalt ope hus på Friluftsliv! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Opplevingar og erfaringar du får ute, vil gi grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald, som kan vare over fleire døgn, gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ein føresetnad er at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil du bu i telt, bevege deg i ulendt terreng og bære oppakning. Du må vere symjedyktig.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverket, reiselivet og organisasjonar. Det kan godskrivast i Bachelor i friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart (uke 33)

PS! Sjå heilt nedst for liste over utstyr du må ha før du tek til på studiet.

Tirsdag 15.august
11.00 -         Offisiell åpning, fadderveka, studieprogram / avdelingsvis oppstart. Detaljert program finner du her: https://www.hivolda.no/studiestart 

12.30: Oppmøte for oppstart ved studiet i Kaarstad-parken (med regnvær vil det være oppmøte i Kaa 202)

Onsdag 16.august (tidspunkt og sted informeres på tirsdag og på Canvas)
Introduksjon til friluftsliv og naturguidestudie. Obligatorisk deltakelse.
AKF lunsj (gratis lunsj for studentene)

Torsdag 17.august
Studie- og emneinformasjon IKF106 friluftsliv 1. Obligatorisk deltakelse.

Fredag 18.august
Undervisning basisferdigheter, turplanlegging «Skog og hei» samling. Obligatorisk deltakelse.

Skog og hei samling (uke 34)

Mandag 21.august
Undervisning, ferdråd og forberedelser til «Skog og hei» samlinga. Obligatorisk deltakelse. 

Tirsdag 22.august – fredag 25.august
Tur – overnatting i telt i fast leir. Obligatorisk eksamenssamling

Fjell- og brelandskap ferd (uke 35)

Mandag 28.august
Ettertanker, undervisning, ferdråd og forberedelser til «Fjell- og brelandskap» ferden. Obligatorisk deltakelse.

Tirsdag 29.august – fredag 1.september
Forflyttingstur – overnatting i telt. Obligatorisk eksamenssamling

 

PERSONLEG GRUNNUTRUSTNING – LISTE OVER UTSTYR DU SOM STUDENT MÅ HA FØR DU TEK TIL PÅ STUDIET

Studieplan

Friluftsliv - årsstudium

Studieprogram: 
Friluftsliv - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • har kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
  • har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • har solide grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
  • Kan organisere og leie grupper i ulike naturtypar under vekslande forhold
Generell kompetanse

Studenten 

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng. Emne IKF107 byggjer på emne IKF106.
Arbeidsmengda skal vere omlag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar, eigenferder og digital undervisning. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn.

Friluftsliv - årsstudium
Navn: 
Friluftsliv - årsstudium
Informasjon

Studiet er sett saman av to emne på 30 studiepoeng. 

Friluftsliv årsstudium kvalifiserer deg til å arbeide med grupper i varierte naturtypar. Studiet gir deg moglegheit til å vere fysisk aktiv, og studenten lærer å ha ansvar for og leie grupper med tanke på tryggleik, oppleving og læring.  

IKF 106  Friluftsliv 1.
Det første emnet har vekt på basisferdigheiter og kunnskapar for å kunne arbeide med grupper i naturen. Studiet er bygt opp rundt friluftsliv ved kysten, friluftsliv frå fjøre til fjell, kanopadling og ferdsel i fjell- og brelandskap. I tillegg til dagsturar blir det ca fem veker til saman med overnatting ute. Det er lagt inn ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur. I tillegg til dette er det ca. ei veke med observasjonspraksis. Viktige tema er veglederlære og turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.

IKF 107 Friluftsliv 2.
Det andre emnet har hovudtema snø, ski og fjell. Faglig målsetting er å gjere studentane i stand til å ha med seg ulike grupper ute om vinteren. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren, før studieturar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling. I tillegg til rundt tre veker med utandørs overnatting med vegleiar, kjem ein til å ha ei veke med veglederpraksis og ei veke med eigenferd.

Emne2024 Haust2025 Vår
30
30
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Praksis

Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.

Kostnader

Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Ansvarleg
Kalle Kristian Pulli
  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 605

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt