Innovasjonscamp 2019
Kreativitet og nyskaping
Innovasjoncamp (tidlegare Gründercamp) har fokus på kreativitet og nyskaping.
Innovasjonscampen på Høgskulen i Volda er forankra i Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE MR). Ungt Entreprenørskap skal, i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar, arbeide for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.
UR MR, Høgskulen i Volda (HVO), Volda kommune, Studentsamskipnaden i Volda (SiV) har dei siste åra arrangert fleire Innovasjonscampar for elevar ved Volda vidaregpåande skule.
Under Innovasjonscampen får elevane frå Volda vidaregåande skule eit oppdrag som dei skal presentere ei løysing på innan eit avgrensa tidsrom. Elevane jobbar med oppdraget i grupper og presenterar løysingane for ein jury som kårar ein vinnar.
Innovasjonscamp stimulerar til:
- meir kreativitet
- betre evne til samarbeid
- betre evne til organisering og arbeidsfordeling
- større mot til å lære gjennom å prøve og feile
- høgare medvit om informasjonsinnhenting
- betre kjennskap til ulike presentasjonsteknikker
Innovasjonscampen 2019 12.-13. juni
12.-13. juni vil om lag 130 elevar frå Volda vidaregåande skule arbeide med eit oppdrag frå Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda. Stad: Berte Kanutte-huset.
Oppdraget
Oppdraget elevane får frå Høgskulen i Violda og Studentsamskipnaden i Volda er: Kva bør Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden i Volda gjere for at Volda skal bli meir attraktiv for noverande innbyggjarar og studentar og nye innbyggjarar og studentar?
Program
Kort om Høgskulen i Volda
• ein institusjon som gir profesjonsutdanningar på BA- og MA-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur
• ein institusjon som byggjer på det fremste innanfor forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
• nasjonalt leiande innanfor yrkesretta medieutdanning og anvendt medieforsking
• ein institusjon med eit særleg ansvar for nynorsk i fag- og profesjonsutdanning
• ei drivande kraft i livslang læring prega av pedagogisk innovasjon for læring i eit digitalt samfunn
• aktivt samarbeidande med andre institusjonar i inn- og utland
• ein viktig samarbeidspartnar i regional utvikling
• ein institusjon med eit levande, attraktivt og godt studiemiljø og med tett kontakt mellom lærar og student og mellom studentar
Relevante dokument og nyttige lenker
- Høgskulen i Volda sin strategiplan
- Høgskulen i Volda sin plan for studentrekruttering
- Samskipnaden i Volda
Tidlegare Innovasjonscampar ved HVO
- 2016. Om campen. Vinnarane.
- 2017. Om campen. Vinnarane.
- 2018. Om campen.