Vidareutdanning (bachelornivå)

Forteljing og teaterproduksjon

Deltid, Heiltid

Korleis vert framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar?

Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. 

Søk studieplass!

Søknadskode : 4005

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist 15.04.2018

Studieinnhald

Studieprogrammet er sett saman av to obligatoriske emne, og gir deg innføring teater og dramafag. Du skal jobbe med t.d. improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar, skape forteljarteater, arbeide med lesing, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner.

Studiet inneheld desse to emna:

  • Teaterproduksjon 1: Skodespelarteknikk og ensemblebygging (haust)
  • Forteljing og formidling (vår)

Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innnlevelsesevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. 

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innanfor yrke som:

  • Skodespelar
  • Teaterpedagog
  • Forteljar

Studiet kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.

 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Hege Holmqvist og Vibeke Preus Bech

Studieplan

Forteljing og teaterproduksjon (Vidareutdanning deltid vår)

Studieprogram: 
Forteljing og teaterproduksjon
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
3
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. Studiet er eit deltidsstudie og går over to semestre.

I studiet skal de jobbe med t.d.:

  • Skodespelarteknikk
  • Ensemblebyggjing og improvisasjon
  • Teaterproduksjon
  • Forteljing
  • Museumsformidling
  • Retorikk
Læringsutbytte: 

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten

  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar.
  • har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
Ferdigheiter: 

Studenten

  • kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Generell kompetanse: 

Studenten

  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
Organisering og arbeidsmåtar: 

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • førelesingar

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.

b) Progresjon

Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD104 - Forteljing og formidling + TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater 

Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Teaterproduksjonar
  • Forteljar framsyning
  • Analysar
  • Munnlege framføringar
  • Museumsformidling
  • Husteater

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Navn: 
Forteljing og teaterproduksjon (vidareutdanning, deltid vår)
Informasjon: 

Begge emnene er obligatoriske.

Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig. 
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. 
​Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Studentane skal:

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
Praksis: 

Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet (3 veker), der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.

Internasjonalisering: 

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet.

Kostnader: 
  • Det er lagt inn obligatoriske teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad  i løpet av studiet (det kan søkast om alternative opplegg).
  • Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Anna: 
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg: 
Vibeke Preus Bech