Forteljing og formidling
Vidareutdanning (bachelornivå)
Studiet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studentane skal prøve ut og utvikle seg i den handverksmessige og kunstnarlege sida av faget. Dei skal jobbe med kommunikasjon og stemmebruk, retorikk og fysisk formidling, forteljarkunst og munnleg formidling, samt museumsformidling.
Les meir om studiet i emneplanen.
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Søk frå 1. november
Søknadskode : 3930