Forkurs i matematikk

Forkurs matematikk

Høgskulen i Volda arrangerer forkurs i matematikk sommaren 2019.

Dette er eit tilbod til søkjarar på:

Om forkurset

Søkjarar som har eit karaktersnitt i fellesfaget matematikk (224 timar) mellom 3,0 og 3,99, og stettar dei andre delane av opptakskravet, får tilbod om forkurs. Dei som gjennomfører forkurset, får betinga opptak, dvs. at dei må stå på den nasjonale avsluttande prøva etter forkurset, for å kunne starte på utdanninga.
Innhaldet i kurset vil tilsvare fellesfaget i matematikk (1P og 2P) i vidaregåande skule. Kravet for bestått tilsvarar kravet for karakteren 4 på eksamen i 1P og 2P.

Kurset går i juli (1.-26. juli) og vert avslutta med ein nasjonal eksamen 29. juli (merk at datoane er førebelse). I utgangspunktet er det undervisning måndag–fredag kl 09:00-15:00. Undervisninga føregår på Høgskulen i Volda. Undervisninga vil bestå av både gjennomgang av fagstoff og hjelp med oppgåveløysing. 
Hugs at det er eit stort arbeid å skulle arbeide seg gjennom heile 1P- og 2P-matematikken. For mange vil 4 veker vere for kort tid. Det er difor ein stor fordel å starte å arbeidet med matematikken så snart som råd, før kurset startar i juli.

Detaljert tidsplan finn du her.

På desse sidene finn du både gjennomgang av fagstoff og oppgåver å arbeide med:

Praktisk informasjon

Kontaktperson: Odd Helge Mjellem Tonheim